Hoppa till huvudinnehållet
Strandebarm omsorg logo

Sjukepleiar/Vernepleiar

Strandebarm omsorg
  • OrtKvam
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Vil du bli vår nye medarbeidar?

  • Strandebarm omsorg har ledig 100 % vikariat for sjukepleiar/vernepleiar
  • Ledig frå 1. desember 2026 og tom. 15.mars 2028. Oppstart etter avtale
  • Stillinga er i årsturnus, for tida med arbeid på dag, kveld og helg
  • Moglegheit for langvakter på helg

Pleie og omsorgstenesta i Kvam har fokus på "Eit godt liv der me bur" og har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Strandebarm omsorg består i dag av sjukepleiarar, fagarbeidarar, pleiemedarbeidarar, aktivitør, fysioterapeut og lege. Me har i dag base på Strandebarmheimen sjukeheim.

Arbeidsoppgåver

Hos oss ved Strandebarm omsorg tilbyr me tenester til brukarar i institusjon, omsorgsbustad og i heimetenesta.

  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging
  • Medisinske prosedyrar
  • Koordinering av pleieplanar
  • Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
  • Fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar/vernepleiarar oppfordrast til å søkja
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Beherska norsk munnelg og skriftleg
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig, vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner
  • Førarkort på bil

Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Samarbeidsvillig og gode kommunikasjonsevner
  • Møta andre på ein respektfull og open måte

Me tilbyr

  • Ein arbeidstad i utvikling
  • Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Svåsand, Gruppeleiar i Strandebarm, +47 918 17 408

Arbeidsstad

Tangeråsneset 25

5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5204987481

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 15.03.2028

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Strandebarm omsorg

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Kvam och dölj konkurrerande annonser på sidan.