Hoppa till huvudinnehållet
Sikkerhet- og rehabiliteringspost Valen sjukehus logo
Ledigt jobb

Helgestillingar Valen sjukehus

Sikkerhet- og rehabiliteringspost Valen sjukehus
  • OrtKvinnherad
  • Omfattning–
  • Sista ansökan19 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Eining for sikkerhet og rehabilitering er ei spesialeining med åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av plassane er for kvinner med valds- og farlegheitsproblematikk, medan fire plassar er tilrettelagde for forsterka rehabilitering av pasientar med sikkerheitsproblematikk. Dei resterande plassane er for pasientar med behov for forsterka rehabilitering.

Gjennom kartlegging og utgreiing tilpassar vi behandlinga til den enkelte pasienten sitt sjukdomsbilete, evner og ressursar. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og tiltak som fremjar livsmeistring.

Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og vi legg vekt på å skape trygge rammer som støttar utvikling, meistring og rehabilitering.

Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledige helgestillingar.

Kva går jobben ut på?​

  • Pasientoppfølging
Miljøterapi til pasientar som er innlagt på psykiatrisk sengepost

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?​

  • Helsefagarbeidar, miljøterapeut eller studentar innan helsfagleg utdanning.
Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri, annan relevant kompetanse kan vurderas.
Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.

Kva ser vi etter hos deg?​

  • Ansvarsbevisst
Gode kommunikasjonsevner
Ha respekt for den einskilde pasient
Engasjert
Arbeidsam
Vere ein god teamarbeidar
Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr​

  • Opplæring, internundervisning og rettleiing
Triveleg arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

KontaktinformasjonHelena Heimvik, Funksjonsleiar, 53 46 64 82

ArbeidsstadSjukehusvegen 26

5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5194035365

Stillingsprosent: 15%

Fast

Startdato: 16.11.2026

Søknadsfrist: 08.11.2026