Sommarvikariat - Cand.med./ medisinstudent med lisens
Medisin Lærdal, Helse FørdeOm tjänsten
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg!
Legegruppa ved medisinsk avdeling på Lærdal sjukehushar behov for sommarvikarar i perioden 14.06.2027-31.08.2027.
Vi søkjer deg som tek ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Hos oss får du varierte medisinskfaglege utfordringar og høve til å utvikle deg i eit godt arbeidsmiljø.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, visittgang og vaktarbeid på medisinsk sengepost. På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg inst i Sognefjorden med gode kommunikasjonar til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, både ved akutte og planlagde innleggingar, samt oppfølging og utskriving av pasientar ved sengepost.
- Stillinga inngår i turnus med arbeid på dag, kveld og natt, samt arbeid på helg etter arbeidsplan
- Studentar med lisens og cand.med som ventar på autorisasjon, arbeider saman med LIS1, primært på dagtid.
Kvalifikasjonar
- Cand.med. med fullført utdanning og klar for LIS 1-teneste
- Legestudentar med lisens er også velkomne til å søkje - går ikkje nattevakt.
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel
- Erfaring frå helsevesenet er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
- Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Varierte medisinskfaglege problemstillingar
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Personalhytta på Filefjell
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar medisinsk seksjon LSH, (+47() 415 30 456
Arbeidssted
Sjukehusvegen 9
6887 LÆRDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5201299327
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 14.06.2027
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 24.11.2026
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 24 nov.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Lærdal och dölj konkurrerande annonser på sidan.