
Lom Kommune Sentraladministrasjon · Lom
Vil du vere med og gjere ein forskjell -- kvar dag? I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, ...
I heimesjukepleia i Lom kommune er ingen dagar heilt like. Her møter du menneske i ulike livssituasjonar, byggjer gode relasjonar og bidreg til at innbyggjarane våre kan bu trygt og godt heime så lenge som mogleg. Søknadsfrist: 16.08.2026
Nå har vi ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
Hjå oss blir du del av eit inkluderande fagmiljø med engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tett på tvers av tenestene og er opptekne av å utvikle gode og heilskaplege helse- og omsorgstenester.
Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.
Hjå oss får du meir enn ein jobb -- du blir del av eit fagmiljø der vi tek vare på kvarandre og jobbar saman for å gi innbyggjarane best mogleg tenester.
Ved interne opprykk kan det bli ledige stillingar i andre stillingsbrøkar. Tilsetting til desse kan bli gjort blant søkjarane til denne utlysinga.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg i samsvar med gjeldande regelverk.
Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetting.
Vil du vere med og skape gode dagar for andre? I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag prega av meistring, tryggleik og livsglede. Ingen dagar er heilt like, og du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag saman med engasjerte kollegaer. Nå har vi ledig to faste stillingar som fagarbeidar, og vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt. Hjå oss er det rom for faglege diskusjonar, refleksjon og utvikling. Vi støttar kvarandre i kvardagen, samarbeider tett og er opptekne av å finne gode løysingar for kvar enkelt brukar. Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine • Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov. • Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar. • Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik. • Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak. • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar. • Bidra til fagleg utvikling og gode tenester. Vi ser etter deg som • Er raus, positiv og engasjert. • Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell. • Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide. • Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing. • Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk. • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap. Kvalifikasjonar • Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag. • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. • Førarkort klasse B. • Gyldig politiattest. Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på. Kvifor velje oss? Hos oss blir du del av eit fagmiljø der samarbeid, tillit og fagleg utvikling står i sentrum. Vi ønskjer at både brukarar og tilsette skal oppleve meistring og trivsel. Vi tilbyr: • To faste stillingar i 100 %. • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer. • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag. • Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer. • Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta. Turnusarbeid. Stillingane har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus. Velkomen som søkjar -- vi ser fram til å høyre frå deg!
Helsefagarbeidar Er du helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg! Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag. Vi har ledig fast helgestilling som helsefagarbeidar, i tillegg søkjer vi tilkallingsvikarar. Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande. Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk. Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng og alle helse- og omsorgstenestene er samla under eit tak. Me har eigen legevakt som er bemanna 24/7 og saman er me eit godt team både dag og natt. Arbeidsoppgåver er mellom anna: • Personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon. • Dokumentere i gjeldande fagsystem, og etter gjeldande prosedyrar. • Sørgje for at tiltak, oppfylgjing og dokumentasjon til ei kvar tid er fagleg forsvarleg. • Bidra til god informasjonsflyt på avdelinga. • Være fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver. • Bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø. Kvalifikasjonar: • Autorisert helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar. • Gode framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg • Evne til å arbeide systematisk for å sikre god kvalitet i tenesta på kvar vakt. • Førarkort klasse B • Gjerne erfaring frå eldreomsorg. Sidan vi er ein liten institusjon er det viktig at du er god på samhandling. Det er ein variert kvardag, difor er det viktig at du er fleksibel og har evne til å tilpasse deg. For å få ein triveleg kvardag saman med bebuarane og kollegaer ser vi for oss at du er raus og inkluderande. Vi tilbyr • Sterkt tverrfagleg miljø • Løn etter tariff • Hjelp til å skaffe bustad • Flyttegodtgjersle • Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet • Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat • I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir her • Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn. • Frå 2026 vil du søkje om å få redusert opptil 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Solund. Sjå info hos Lånekassen. Dette er stillinga for deg som ynskjer å jobbe på ein mindre institusjon i eit lite samfunn. Som helsefagarbeidar i Solund kommune har du tid til å bli godt kjent med brukarane. Det kan vere travle arbeidsdagar her hos oss, men på same tid eit heilt anna tempo enn ein opplever på større stadar. Hos oss skal du få tid til å gjere den gode jobben som helsefagarbeidar. Om du likar å være aktiv/sosial på fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om me er små finst det noko for dei fleste her hjå oss. Syns du dette kan høyrast spanande og utfordrande ut, ja då må du søkje stillinga! Slå gjerne på tråden til Ingelin - leiar for sjukeheim og heimetenester, ho gler seg til å høyre frå deg! Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid 6 månadar. I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga. Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju. Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. Velkomen som søkjar! Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Søk her
Om stillinga Osterøytunet ligg i nydelege naturomgjevnader på Hauge, eit knutepunkt på Osterøy, og er den einaste sjukeheimen i Osterøy kommune. På Osterøytunet arbeider vi saman for å skape ein heim der alle bebuarar kjenner seg trygge, ivaretekne og verdsette. Vi legg vekt på å tilby heilskapleg omsorg av høg kvalitet, der både fysisk og psykisk helse står sentralt. Gjennom fagleg dyktigheit, omsorg og engasjement arbeider vi for å gje kvar enkelt bebuar ein meiningsfull og god kvardag – prega av respekt, glede og fellesskap. Vi er organiserte i tre avdelingar med totalt sju grupper og 65 einsengsrom fordelt på somatiske plassar, demensplassar og korttidsopphald. Som helsefagarbeidar ved sjukeheimen vår får du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane, samstundes som du bidreg til den daglege drifta på gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar, og vi legg til rette for kompetanseheving for helsefagarbeidarar i møte med nye oppgåver og ansvarsområde. Dette er ei spennande og givande stilling der du får moglegheit til å utvikle deg vidare som fagperson. Vi har årsturnus, der dei tilsette har moglegheit til å påverke utforminga av eigen turnus. Det kan på sikt bli mogleg å gå turnus med langvakter. Vi opnar òg for tilsetting i vikariat. Stillingane er ledige frå 28.09.2026, med moglegheit for tidlegare oppstart. Arbeidsoppgåver til stillinga Som helsefagarbeidar på Osterøytunet vil ein ha variasjon i arbeidsoppgåver. Det å yte fagleg forsvarleg helsehjelp til pasientar med somatisk behov vil vere ein sentral, viktig og kontinuerleg oppgåve. Observasjon og vurdering av pasientanes helsetilstand vil og naturleg høre til rolla som helsefagarbeidar, samt å gje bistand og rettleiing ut frå den enkelte pasienten sine behov. På Osterøytunet arbeidar vi med målretta miljøarbeid og du som fagperson vil ha ei sentral rolle inn i sikring av eit positivt, inkluderande og fagleg arbeidsmiljø. Du vil handtere og nytte digitale plattformar og journalsystem, og du vil bli tildelt primærkontaktoppgåver. Vi vil sjølvsagt syte for at du får naudsynt opplæring når du blir vår nye kollega. Leiinga og kollegagruppa vil ta deg godt imot, heie på deg og støtte deg slik at du opplever meistring i din arbeidskvardag, og vi forventer det same av deg som vår nye kollega. Vår nye kollega kan forvente • Ei spanande og gjevande stilling • Moglegheit til å samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme • Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling • Moglegheit til å påverke eigen arbeidplan i planlegginga av årsturnus. Alle tilsette får kome med ønskje og innspel til ny årsturnus som normalt skjer om hausten • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som offentleg tilsett. Våre forsikringar er for tida plassert hjå KLP • Leiarar og kollegaer som står klar til å ta varmt imot deg, og som gler seg til nettopp du blir ein del av vårt lag! Kvalifikasjonar for stillinga • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar eller hjelpepleiar. • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk • Erfaring frå pleie og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav. Det vil bli gitt opplæring på arbeidsplassen • Interesse for arbeid med eldre og forståing av deira behov vil vere ein føresetnad i arbeidet • Gode samarbeidsevner er viktig, men det er også viktig at ein evner å arbeide godt sjølvstendig og ta gode avgjerdsler • Grunnleggjande IT- kunnskaper for bruk av digitale plattformer og journalsystem vil vere eit føremon • Relevant vidareutdanning er ein fordel men ikkje eit krav. Om du går med ønskje om å vidareutdanne deg, ønskjer vi og gjerne å høyre om dette! Andre opplysningar / Ansettelsesvilkår: Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. om du får tilbod om stillinga. Tilsetting skjer med 6 månaders prøvetid i samsvar med gjeldande regelverk i kommunen. Kven er du? Me søkjer etter deg som trives i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du har eit godt humør og ei positiv innstilling er du langt på veg! Høyres dette ut som deg - eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss for ein hyggeleg prat! Offentleg tenestepensjon I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!