Om tjänsten
Om stillingane
Masfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta.
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Me ser etter deg som
- Er helsefagarbeidarar med autorisasjon
Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Kan delta i alle arbeidsoppgåver
Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie
Har førarkort klasse B
Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning
Me tilbyr
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med
Dyktige kollegaer
Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
Varierte arbeidsoppgåver
Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
For stillingane gjeld
- Turnus med dag og kveldsarbeid og kvar tredje helg
Krav om politiattest