Hoppa till huvudinnehållet
Folkestad skule/SFO logo
Ledigt jobb

Fagarbeider med med ansvar for SFO

Folkestad skule/SFO
  • OrtMidt-Telemark
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad15 okt.

Om tjänsten

Folkestad skule ligg i flotte omgjevnader ved Oterholt, det gamle handelssentrumet i Bø.

Folkestad skule er ein skule med lange tradisjonar. Skulen stod ferdig i 1861 og har sidan vore grendeskule samanhengande, sett bort frå skuleåret 1945-46 da skulebygget måtte byggast opp igjen etter krigen. Skulen ligg på Oterholt som var handelsstad og sentrum i Bø.

Skulen har rundt 100 elevar og tilsaman 19 tilsette. Dei tilsette er stolte av ein skule med stort uteområde og nærleik til flott natur. Engasjerte foreldre og lærarar jobbar for å gjere Folkestad skule til ein trygg og god læringsstad.

Uteområda i nærleiken blir nytta til faste dagar med uteskule og tverrfagleg arbeid. Vi har og ein flott skulehage. Det er gode moglegheitar for ein aktiv og variera SFO kvardag.

Vi har eit allsidig personalet, eit støttande og godt arbeidsmiljø som bidreg til positiv utvikling av skulen. Vi jobbar for å utvikle ein meir inkluderande praksis, fysisk, praktisk og aktiv læring, og gi elevane ei god grunnopplæring i lesing, skriving og rekning.

Arbeidsoppgåver

SFO ansvar

lage årsplan etter rammeplan for SFO
lede andre tilsette på SFO i arbeidet
delta i nettverksmøter og andre møter
kontakt med føresette
lage bemanningsplan i samarbeid med rektor

Som fagarbeidar i skule og SFO

hjelpe elevar som har behov for bistand i undervisninga
støtte elevar i leik og sosial samhandling
jobbe tett saman med lærar og føresette
delta på turer og utflukter

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
  • Relevant utdanning for arbeid med barn og unge

​

Særskilde krav

Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Vi setter pris på at du:

har gode samarbeidsevner
takler en hektisk hverdag
er engasjert
liker å være aktiv
er kreativ
er strukturert

Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr​

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

KontaktinformasjonVenke Raundalen, Rektor Folkestad skule, +47 92251459

ArbeidsstadEikavegen 61

3804 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5181617033

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 28.10.2026