Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtMolde
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad12 okt.

Om tjänsten

Vi treng ein dyktig bioingeniør som er klar for ein variert og tidvis hektisk arbeidskvardag ved sjukehuset på Hjelset i Helse Møre og Romsdal.

Ved Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) har vi ledig ei 100% fast stilling som bioingeniør II.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er eit heilt nytt sjukehus som vart tatt i bruk i april i 2025. Her hos oss vil du bli inkludert i eit godt og variert arbeidsmiljø. Vi er inne i ein svært spennande periode, med ny og moderne automasjonsløysing for biokjemi, hematologi og koagulasjon. Det meste av utstyret i laboratoriet er flunkande nytt!

Stillinga er knytt til fagområdet PNA og Urinundersøkingar. Fagområdet har ansvar for oppfølging av PNA-utstyr på sjukehuset sine avdelingar. Innanfor urinanalysar har vi automatisert stix- og urinmikroskopi-instrument, som ein av dei få i Norge.

Som bioingeniør II vil du vere ein viktig støttespelar for fagbioingeniør på fagområdet. Du vil også arbeide i ein tredelt turnus. Det betyr at du også vil få opplæring innanfor dei andre fagområda som inngår i vaktarbeidet.

Vi er opptatt av å planlegge slik at alle skal få ein mest mulig tilrettelagt turnus etter eige ønske og behov.

Ved et eventuelt internt opprykk vil vi få ei fast ledig stilling som bioingeniør i vaktturnus. Vi ber søkjarar om å gjerne oppgi om dei er interessert i dette.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver​

  • Stedfortreder for fagbioingeniør på fagområdet
Bistå fagbioingeniør med arbeidsoppgåvene på fagområdet
Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver ifølgje arbeidsbeskriving for den einskilde seksjon
Delta i laboratoriet sin vaktturnus
Bidra til å oppfylle føretaket sine overordna målsettingar med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert
Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet

Kvalifikasjonar​

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
Relevant praksis vil bli vektlagt
Må meistre norsk, både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar​

  • Du er fagleg engasjert og bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø
Du har gode formidlingsevner
Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
Du har evne til omstilling og vilje til fagleg utvikling og nytenking

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr​

  • Ei spennande og meiningsfylt stilling i eit spennande fagmiljø
Eit inkluderande arbeidsmiljø
Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling og med andre avdelingar på sjukehuset
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

KontaktinformasjonMarit Sivertsen, Seksjonsleiar, marit.sivertsen@helse-mr.no

ArbeidsstadOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5189497704

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.11.2026