Hoppa till huvudinnehållet
Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar

Nevrologisk sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
  • OrtMolde
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Har du lyst på ein spennande og lærerik ekstrajobb? Er du sjukepleiarstudent og ønskjer å jobbe ved sida av studia? Eller er du sjukepleiar som ønskjer å prøve noko nytt? Kanskje nevrologi er fagområdet for deg?

Sengepost Nevrologi søkjer sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar som ønskjer å vere tilkallingsvikarar hos oss. Som tilkallingsvikar kan du arbeide når vi har behov for deg, og når det passar for deg. Det kan òg bli aktuelt med ei fast helgevaktsavtale.

Sengepost Nevrologi er ein spennande seksjon med fagområda generell nevrologi og hjerneslag. Her tek vi imot pasientar både til planlagde innleggingar og som augeblikkeleg hjelp. Det nevrologiske fagområdet har fylkesdekkjande funksjon, og det går føre seg mykje spanande forsking innan fleire av fagområda våre.

Hos oss får du god opplæring og tett oppfølging. Du vil arbeide i team saman med erfarne sjukepleiarar og få moglegheit til å utvikle fagkunnskap og praktiske ferdigheiter i eit lærerikt og engasjert arbeidsmiljø.

Vil du sjå kven vi er? Ta gjerne ein titt på Instagram-kontoen vår: @sengepostnevrologi_snr

Vi ser fram til å bli kjende med deg! 😊

Arbeidsoppgåver​

  • Stell, pleie og omsorg for pasientar
Samarbeid med sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarar
Utføre NEWS-målingar og rapportere endringar i pasienten sin tilstand
Gjere observasjonar og dokumentere desse etter gjeldande rutinar
Utføre arbeid på skyllerom
Følgje pasientar til undersøkingar og behandling
Assistere ved ulike undersøkingar og prøvetakingar
Bistå pasientar i daglege aktivitetar (ADL)
Vere fastvakt ved behov

Kvalifikasjonar​

  • Autorisert sjukepleiar med norsk autorisasjon
Sjukepleiarstudent i eit pågåande utdanningsløp
Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar​

  • Du må ha eit ønske om å arbeide med menneske
Du har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe i team
Du er positiv, engasjert og bidreg til ei god stemning rundt deg
Du er ansvarsmedviten, påliteleg og fleksibel i arbeidskvardagen
Du bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Du viser motivasjon, tek initiativ og arbeider sjølvstendig

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr​

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.

KontaktinformasjonMonika Bolsønes Knutsen, Seksjonsleiar, +47 915 73041, Monika.Bolsones.Knutsen@helse-mr.no

ArbeidsstadOpdølvegen 4

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5194860867

Stillingsprosent: 0%

Tilkalling/Timebasis

Søknadsfrist: 03.11.2026