Om tjänsten
Om stillinga
Osterøy kommune søkjer etter driftsoperatør til fast stilling på VA- avdelinga.
Vår avdeling for vatn og avlaup består i dag av 5 personar, 1 fagleiar og 4 driftoperatørar.
Oppgåvene våre er blant dei viktigaste tenestane ein kommune i dag leverer til sine innbyggjarar, nemleg trygt drikkevatn. Til dette har me 4 vassbehandlingsanlegg som skal driftast og vedlikehaldast, samt 3
avlaupsreinseanlegg og fleire kilometer med vassleidning og avlaupsleidning.
Som ny medarbeidar vil du få naudsynt opplæring i prosessar og tilhøyrande tekniske installasjonar for å
kunne delta i den daglege drifta og i obligatorisk vakt og bakvakt ordning.
Arbeidsoppgåver
- Drifte og styre prosesser samt utstyr ved reinseanlegg og vassverk
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
Kvalifikasjonskrav
- Krav om fagbrev som rørleggar
Kven er du?
- Lærevillig, og evner å tenke nytt og framtidsretta
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!