Hoppa till huvudinnehållet
Aasentunet logo

Rådgivar administrasjon og kommunikasjon (engasjement)

Aasentunet
  • Ortørsta
  • Omfattning–
  • Sista ansökan8 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Er du ein strukturert og skrivefør administrator med interesse for kultur, språk og organisasjonsutvikling? Nynorsk kultursentrum søkjer ein allsidig medarbeidar som vil arbeide med både administrasjon og kommunikasjon i ein viktig prosjektperiode for organisasjonen.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer at du:

  • har relevant høgare utdanning innan anten administrasjon, økonomi, kommunikasjon eller tilsvarande arbeidsområde
  • har erfaring frå administrativt arbeid, økonomi og/eller kommunikasjon
  • skriv godt på nynorsk
  • har erfaring med digitale verktøy og publiseringsløysingar, gjerne med kjennskap til Adobe

Det er ein fordel med erfaring frå kulturverksemder, offentleg sektor, forskingsinstitusjonar, reiseliv eller andre kunnskapsorganisasjonar.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • arbeider sjølvstendig og strukturert, og held orden på detaljane
  • er løysingsorientert og samarbeider godt med andre
  • kan veksle mellom fleire oppgåver i løpet av ein arbeidsdag
  • har god formidlingsevne både skriftleg og munnleg
  • har interesse for språk og kultur

Hos oss får du høve til å bruke din kompetanse om administrasjon og kommunikasjon, og bidra til å styrkje og utvikle ein nasjonal kulturinstitusjon.

Arbeidsoppgaver

Stillinga omfattar mellom anna:

  • administrativ støtte til leiing og organisasjonen mellom anna med personaladministrative oppgåver
  • arbeid med økonomi og oppfølging av budsjett
  • koordinering og utarbeiding av årsmelding
  • planlegging og publisering av innhald på nettsider og i sosiale medium
  • medverknad til marknadsføring av arrangement og formidlingstiltak

Du vil samarbeide tett med kollegaer innan administrasjon og kommunikasjon. Avdelinga gjennomfører overordna oppgåver for heile organisasjonen, forvaltar offentlege regelverk og interne rutinar og prosedyrar. Administrasjonssjef er nærmaste overordna.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale, med utgangspukt i lokalt lønssystem
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Avtalefesta pensjon
  • Gruppelivsforsikring

Du kjem til eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer i eit unikt og prislønt Fehn-bygg. Vi har fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 15 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Aasentunet

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Ørsta och dölj konkurrerande annonser på sidan.