Ørsta og Volda har omlag 22.000 innbyggjarar og vert rekna som den 4. byen i Møre og Romsdal. Mellom høge tindar og djupe fjordar finn du levande bygdebyar som er i stadig utvikling og kan by på det meste av tilbod. Her finn du varierte tilbod innan kultur- og åndsliv, handel, utdanning, idrett og friluftsliv, mm. Regionen har flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Ålesund ligg om lag ein time unna og frå Ålesund lufthamn Vigra er det flyruter til Trondheim og fleire direkte utanlandsruter. I Ørsta og Volda finn du elles høgskule og vidaregåande skular, sjukehus, skisenter, kjøpesenter, bankar og finanshus, og fleire innovative og marknadsleiande industriverksemder. Tunnelsamband både aust- og vestover gir ferjefri og kort køyreavstand til ein endå større arbeidsmarknad, mellom anna innan den maritime klynga. Området har velfungerande bustadmarknad anten ein veljer å bu i sentrum eller i nærområda rundt. Uansett har du nærleiken til det spektakulære sunnmørslandskapet som byd inn til alle slags turar både sommar og vinter. Her er det godt å bu!
Ørsta sokn, ein kyrkjelyd i vekst
Ørsta sokn ynskjer å skape meir himmel på jorda ved å vere raus, kvardagsnær og himmelvend. Vi ynskjer å vere ei kyrkje som er synleg for folk i liv og kvardag, byggje ned tersklane og skape eit rom der alle kjenner seg heime. Vi ynskjer at møtet med kyrkja skal vere godt, både i og utanfor kyrkjerommet.
Soknet er med sine 7300 medlemmer det største av dei tre sokna i Ørsta kommune. Det er brei folkekyrkjeleg tilslutning og svært mange av innbyggarane har ein god relasjon til kyrkja. Det er høge tal for både dåp og konfirmasjon og den store majoriteten vel kyrkjeleg gravferd.
Det er eit aktivt arbeid for born og unge med mellom anna babysong, to barnekor, søndagsskule, speidar i regi av KFUK-KFUM og ei rekke arrangement knytt til ulike alderstrinn. Soknet har ungdomsarbeid som vedtatt satsingsområde for 2026-2027. Det er eit godt utvikla samarbeid mellom kyrkje, skule og barnehage, særleg knytt til jule- og påskehøgtida. Det diakonale arbeidet omfattar mellom anna språk-kafe, føremiddagstreff og samtaletilbod. Ørsta har rike song- og musikktradisjonar og Ørsta kyrkjekor og dei to barnekora er viktige ressursar i gudstenestearbeidet. Kyrkja er også ein viktig kulturarena og har eit aktivt samarbeid med fleire lokale kor, musikarar, solistar og den kommunale kulturskulen mfl.
I Ørsta kyrkje er det gudsteneste dei fleste høgtidsdagar og kvar søndag med unntak av nokre søndagar i ferieavviklinga. Det er eit variert gudstenesteliv med ei veksling mellom tradisjonelle høgmesser, gudstenester for store og små og kveldsmesser med ei enklare form og folkekyrkjeleg appell.
Soknepresten vert del av ein engasjert stab med kyrkjeverje, sekretær, sokneprest, kyrkjelydsprest, diakon, kateket, trusopplærar, to organistar, to kyrkjetenarar, frivillige medarbeidarar og eit engasjert sokneråd. Det er stabsmøte og morgonbøn ein gong i veka.
Personlege eigenskaper vil verte vektlagt
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje.
KontaktinformasjonIngeborg Matre, Prost Søre Sunnmøre prosti, 94806965, IM557@kyrkja.no
ArbeidsstadKyrkjegata 55
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5168426506
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt ørsta