Hoppa till huvudinnehållet
Miljøtenesta, Stad kommune logo

Faste helgestillingar i miljøtenesta

Miljøtenesta, Stad kommune
  • OrtStad
  • Omfattning–
  • Sista ansökan15 dagar kvar
  • Publicerad6 nov.

Om tjänsten

Miljøtenesta i Stad kommune søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar til helgestillingar ved avdelingane Elvebøen og Myroldhaug på Nordfjordeid og Miljøtenesta Ytre.

Miljøtenesta gir tenester til personar med ulike behov for oppfølging, rettleiing og bistand i kvardagen. Målet vårt er å bidra til tryggleik, meistring, sjølvstende og gode kvardagar for den enkelte.

Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du kan utgjere ein forskjell i kvardagen til andre menneske. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med varierte oppgåver, gode kollegaer og høve til å utvikle deg både fagleg og personleg.

Avdeling Elvebøen har ledig:

  • 2 x 20 % stillingar med langvakt kvar 4. helg
  • 1 x 30 % stilling med nattevakter kvar 3. helg

Miljøtenesta Ytre har ledig:

  • 3 x 15 % stilling med vakt kvar 3. helg

Avdeling Myroldhaug har ledig:

  • 1 x 25 % stilling med langvakter kvar 4. helg
  • 3 x 32 % stilling med nattevakter kvar 3. helg

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring av faglege oppgåver, omsorg og behandling
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

Vi ser særleg etter deg som:

  • Har helsefagleg utdanning
  • Er elev eller student innan helse-, sjukepleie- eller vernepleiefag
  • Har interesse for faget eller vurderer ei utdanning innan sektoren
  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Du må vere over 18 år

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Moglegheit for stipendordning for sjukepleie- og vernepleiestudentar
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Dersom du ønskjer høgare stillingsprosent og vil arbeide i fleire einingar, så vil vi forsøke å legge til rette for det

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Silje Sneide, Avdelingsleiar Miljøtenesta ytre, 48119558, silje.sneide@stad.kommune.no

Camilla Andersen, Avdelingsleiar Elvebøen, 45877417, camilla.andersen@stad.kommune.no

Ann-Charlotte Jansson, Einingsleiar Miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Elvebøen 2A

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5194204335

Stillingsprosent: 32%

Fast

Søknadsfrist: 22.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Miljøtenesta, Stad kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Stad och dölj konkurrerande annonser på sidan.