Helsefagarbeidar – fleire faste stillingar ved Seljetunet
Vil du ha meir samanhengande fritid og påverke eigen turnus?
Vi har frå dags dato fleire ledige faste stillingar i ulike stillingsstørrelsar og helg som helsefagarbeidar ved Seljetunet – og vi vil gjerne ha deg med på laget!
Assistentar er òg velkomne til å søkje med oss.
Dette får du hos oss
Langvakter frå desember → meir fri, færre oppmøte Fleksibel turnus (årsarbeidsplan) Moglegheit til å påverke eiga arbeidstid og turnus Inntil 10 % frie timar – jobb ekstra når det passar deg Moglegheit for fleire helgar i turnus mot ekstra kompensasjon Sommaravtale med ekstra kompensasjon Eit miljø der vi testar nye løysingar og tenkjer nytt Ein jobb med meining – og utvikling
Hos oss jobbar du tett på menneske – og får brukt både fagkunnskap og personlege eigenskapar kvar dag. - Du blir ein del av eit fagmiljø som:
- Satsar på utvikling og kvalitet
- Ønskjer nye idear frå tilsette
- Gir deg moglegheit til å påverke
Er du lærling og snart ferdig, eller ønskjer du fagbrev? Hos oss legg vi til rette for at du kan ta fagbrev på jobb! Om arbeidsplassen
Seljetunet gir tenester til bebuarar i institusjon og bufellesskap. Vi har:
31 langtidsplassar i institusjon 16 bemanna omsorgsbustader Eigne tilbod innan korttids- og avlastingsopphald • Vi har også eige institusjonskjøkken og eit sterkt fokus på gode kvardagar for bebuarane våre.
Kven er du?
Du er helsefagarbeidar – eller ønskjer å bli det Du likar å jobbe med menneske Du er fleksibel og open for nye måtar å jobbe på Du ønskjer ein jobb der du kan utvikle deg Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinjer Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre Det vil bli lagt til rette for god opplæring ved oppstart
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
Er du lærling oppfordrar vi deg til å søkje Assistentar er òg velkomne til å søkje Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl. B Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område kommunen har behov for Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk Årsturnus der 10 % av stillinga kan vere frie timar. Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar og sommaravtale i turnus, mot ekstra kompensasjon Høve til å inngå avtale om langvakter på helg (kvar fjerde helg), og i vekedagane for lengre friperiodar Gode pensjons- og forsikringsordningar Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
KontaktinformasjonStine Fylling, Avdelingsleiar Seljetunet, 98482449, stine.fylling@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Seljetunet, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5195086260
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026