Hoppa till huvudinnehållet
Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde logo
Ledigt jobb

Vil du bli vår nye sjukepleiar? Vi søker deg!

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
  • OrtStad
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad9 okt.

Om tjänsten

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag?

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 01.11.2026.

Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode.

Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.  

Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.

Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet​

Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.

Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass.

Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din!

Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut:​

  • Du tek imot, observerar og følgjer opp innlagde pasientar
Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging
Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette
Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona)
Du deltek på undervisning og simuleringstrening

For å jobbe med oss:​

  • Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar
Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav.
Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt.
Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg

Vi ser etter deg som:​

  • Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet
Gjer faglege vurderingar og spør om råd når du er i tvil
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Er nysgjerrig og ønskjer fagleg utvikling
Trivst i ein til tider travel kvardag

Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du:​

  • Opplæring tilpassa dine behov
Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering
Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre
Bidra til pasienttryggleik
Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264

ArbeidsstedSjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5182354512

Stillingsprosent: 85%

Fast

Søknadsfrist: 02.11.2026