Open søknad - fritidskontakt og tilkallingsvikar i helse og omsorg
HELSE OG OMSORG, Stad kommuneOm tjänsten
Einingane innan helse og omsorg i heile Stad kommune ønskjer fleire fritidskontakter og tilkallingsvikarar.
Ein fritidskontakt skal hjelpe andre personar til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Årsaker til at personar treng fritidskontakt er samansett. Det kan vere somatisk (kroppsleg) eller psykisk sykdom, skade eller lidelse, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Personar i alle aldersgrupper kan ha fritidskontakt.
Dersom dette kan vere noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser og kva aldersgruppe du kan tenke deg å jobbe med.
Fritidskontaktoppdrag kan vare frå 2 timar og oppover per veke. Tidspunkt for arbeidet avtalast mellom fritidskontakt og personen ein har oppdrag for.
Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på (fritidskontakt eller tilkallingsvikar) og kvar du helst vil jobbe, eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.
Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld berre tilkalling og korte vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Vikararbeid i helse- og omsorgseiningane: Heimetenesta, Seljetunet, Hogatunet, Miljøtenesta, Meistring og psykisk helse, Interkommunale helsetenester og Helse.
Kvalifikasjonar
- Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i helse og omsorg
Personlege eigenskapar
- Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
Vi tilbyr
- Ekstravakter, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
• Løn etter tariff. Du skriv timeliste.
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at du følgjer med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekkjer søknaden din i Webcruiter når du ikkje lenger er
aktuell for vikararbeid.
Kontakt oss gjerne om du lurer på noko!
KontaktinformasjonAnn Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146, ann.charlotte.jansson@stad.kommune.no
Heidi Munch Starheim, Einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210, heidi.munch.starheim@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Grete Aud Totland, Einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.no
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6740 Selje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5152331406
Stillingsprosent: 23%
Søknadsfrist: 04.01.2027