Hoppa till huvudinnehållet
Fogn barnehage (7), Stavanger kommune logo
Ledigt jobb

Barnehagelærar - pedagogisk leiar

Fogn barnehage (7), Stavanger kommune
  • OrtStavanger
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad6 okt.

Om tjänsten

Fogn barnehage søkar etter barnehagelærar​

Fogn barnehage består av ein avdeling og er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at barnehage, skule og SFO er i same bygg og gir unike moglegheiter til samarbeid på tvers. Du vil, som pedagogisk leiar, ha store moglegheiter for å bruke din pedagogiske kompetanse og kreativitet i møte med barn. Barnehagen ligg sentralt på øya Fogn i Ryfylke med landlege omgjevnadar og unike muligheiter til aktivitetar ute.

Fogn oppvekstsenter har ekstra fokus på inkluderande fellesskap og me ser etter deg som er sjølvstendig og leikande i møte med barn. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på laget på Fogn oppvekstsenter!

Som utdanna barnehagelærar får du i tillegg eit arbeidsstedstillegg på 50.000,- i året for å jobbe på Fogn oppvekstsenter.

Arbeidsoppgaver​Samarbeide i team med den andre pedagogen om det pedagogiske innhaldet i barnehagen.

Planlegge og gjennomføre arbeidet på avdelinga.

Ansvar for å gi barna god omsorg og å vere ein god rollemodell.

Arbeide i tråd med gjeldande planar og styringsverktøy.

Bidra til utvikling og kompetanseheving

Samarbeide med føresette, tilsette og leiinga.Kvalifikasjoner​Utdanning som barnehagelærar.

Leie, inspirere og rettleie medarbeidarar på avdelinga.

Beherske norsk skriftleg og munnleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2. Gjeld ikkje søkarar med skandinavisk morsmål.

Kjennskap til digitale ferdigheiter er ein fordel.Personlige egenskaper​Du er ein autoritativ vaksen

Du er reflektert og åpen for å lære i lag med andre

Du arbeidar målretta og meistrar å arbeide sjølvstendig

Du er ansvarsbevisst og kan sjå heilheitleg på arbeidet i barnehagen

Du har gode kommunikasjonsferdigheiter

Du har god sosial kompetanse og gode samarbeidsevnerVi tilbyr​Eit utviklande og fagleg miljø

Rettleiing for nyutdanna barnehagelærarar

Engasjerte og dyktige kollegaer

Støtte og rettleiing i utvida profesjonsfellesskap og i kollegiet

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Lønn i tråd med gjeldande tariff i tillegg til lokalt arbeidsstedstillegg på 50.000,-Kontaktinformasjon​Alice Helgøy, Verksemdsleiar, 93093077, alice.helgoy@stavanger.kommune.no

ArbeidsstedLiane 1

4164 Fogn

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Stavanger kommune

Referansenr.: 5191269688

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026