Om tjänsten
Vil du bidra til god areal- og samfunnsutvikling i Rogaland? Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling
Om stillinga
Statsforvaltaren skal tidleg i prosessar formidle nasjonal politikk og prioriteringar, og landbruksavdelinga skal vere kompetansesenter for kommunane på landbruks- og matområdet. Rettleiing og oppfølging av kommunane er difor ein sentral del av stillinga, og du må kunne halde innlegg på kurs og konferansar.
Rogaland har areal av stor nasjonal verdi for matproduksjon. Som rådgivar hos oss vil du bidra til å sikre verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap, og du blir ein del av eit godt fagmiljø i landbruksavdelinga. Vi ønskjer oss ein kollega med sterk interesse for arealforvaltning, og som kjenner godt til dei landbruksmessige utfordringane i fylket.
Arbeidsoppgåver
Du vil få arbeide med:
- saksbehandling og utgreiings- og samarbeidsoppgåver i planprosessar og enkeltsaker på tvers av fagfelt
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein person med god kjennskap til landbruket i Rogaland, og som vil arbeide med samfunns- og arealplanlegging og arealforvaltning. Vi ønskjer oss ein dyktig medarbeidar som:
- har relevant utdanning på mastergradsnivå, med fagleg tyngde innan arealplanlegging. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring.
Den som blir tilsett i stillinga må vere open for endringar i oppgåver og ansvarsområde som følgje av endring i prioritering og oppdrag for avdelinga, ut frå kapasitet og kompetanse.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Mangfald og inkluderingVi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom vår karriereside. Opprett kandidatprofil som brukes når du skal søke på stillinger.
Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje
Tilleggsinformasjon
Kontaktpersonar:
Monica Dahlmo, landbruksdirektør
Telefon: 456 52 833 | E-post: monica.dahlmo@statsforvalteren.no
Anfinn Rosnes, ass. landbruksdirektør
Telefon: 481 47 213 | E-post: anfinn.rosnes@statsforvalteren.no
Søknadsfrist: 30.10.2026