Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som likar å arbeide på natt, er motivert, har brukarfokus og er trygg i arbeidet ditt.
Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Denne stillinga er på natt, der arbeidsoppgåver omfattar medisinsk oppfølging, pleie og omsorg.
Det er mogleg å få større stilling gjennom kveldsvakter eller nattevakter i Eining for habilitering sin ressursstab. Dette inneber vakter i andre avdelingar, og vert fordelt etter behov.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elisabeth Litlehamar, tlf 924 25 522 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord