Eining for institusjon har ansvar for nattenesta i Stord kommune.
Stillinga vil ha hovuddel av ansvaret knytt til Stord sjukeheim, men ein må pårekne å kunna ha vakter på Knutsaåsen omsorgssenter og i tenester til heimebuande ved fråvær eller anna behov. Stillinga er på natt med arbeid 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande. Eininga er i prosessar med oppgåvedeling der me ser på ulike ansvarsområder og oppgåver som skal liggja til dei ulike faginstansane.
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stord