Fastlegevikariat
Helseavdelinga, Sula kommuneOm tjänsten
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team.
Sula kommune har ledig fastlegevikariat tilknytt kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er ein avtale med listetak på 600, men den er ikkje full. Anna tidspkt for oppstart kan avtalast.
Kommunelegekontoret har i dag 11 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast på kontoret.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar. Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulike livssituasjonen for legen.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon
Arbeidsoppgåver
- Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta, med inntil 7,5 time pr veke, etter nærare avtale
med kollegar og kommunen.
- Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, legane
deltar i vaktordninga.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Grethe Øen, Einingsleiar, 93821014, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Rim Hammer, Fastlege, rim.hammer@sula.kommune.no
Øystein Mjelde Aasen, HTV DNL / Fastlege, øystein.mjelde.aasen@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5202947812
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 13.03.2028
Søknadsfrist: 22.11.2026
Restid & pendling
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sula och dölj konkurrerande annonser på sidan.