Hoppa till huvudinnehållet
SpareBank 1 Sogn og Fjordane logo

Fagansvarleg IKT-risiko og etterleving

SpareBank 1 Sogn og Fjordane
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan21 dagar kvar
  • Publicerad10 nov.

Om tjänsten

Teknologi og eksterne leverandørar er avgjerande for at banken skal levere trygge og stabile tenester til kundane våre. No ser vi etter ein fagansvarleg som vil vere med å vidareutvikle banken sitt arbeid med IKT-risiko, digital motstandskraft og etterleving av regulatoriske krav.

Dette er ei sentral fagrolle med stor påverknad på korleis banken identifiserer, vurderer og følger opp risiko knytt til teknologi og tredjepartsleverandørar. Du får vere med å omsette regulatoriske krav til praktiske arbeidsmåtar som styrker tryggleiken og robustheita i banken.

Hos oss får du kombinere fagleg fordjuping med praktisk oppfølging, i tett samarbeid med teknologi-, sikkerheits- og risikomiljøa i banken.

Kva skal du jobbe med?

Du får ein svært viktig rolle i arbeidet med å sikre god og systematisk handtering av IKT-risiko, og at vi etterlev DORA-regelverket.

Arbeidet omfattar mellom anna:

  • Vidareutvikling av rammeverk, metodikk og styrande dokument for IKT-risikostyring og etterleving
  • Gjennomføring av risikovurderingar og oppfølging av risikoreduserande tiltak
  • Oppfølging av tredjepartsrisiko og IKT-leverandørar
  • Omsetting av regulatoriske krav til praktiske rutinar, prosessar og kontrollar
  • Koordinering av konsekvensanalysar (BIA) og vidareutvikling av kontinuitets- og beredskapsarbeidet
  • Utarbeiding av faglege vurderingar og rapportering som gir leiinga oversikt over risiko, tiltak og status
  • Bidrag i revisjonar og tilsyn, samt rådgjeving og kompetansedeling på tvers av banken

Du blir ein synleg fagressurs som hjelper kollegaer med å forstå risiko, tolke krav og finne gode løysingar. I rolla samarbeider du tett med CISO, risikofunksjonen, system- og prosesseigarar og andre sentrale fagmiljø.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som trivst med problemstillingar som kombinerer teknologi, risiko og regulatoriske krav.

Du har erfaring med IKT-risiko, leverandørstyring, etterleving eller tilsvarande fagområde, og evnar å sjå samanhengen mellom teknologi, risiko, regelverk og forretning. Erfaring frå finans eller annan regulert verksemd er ein fordel.

Vi ser gjerne at du har:

  • Kjennskap til DORA og evne til å omsetje regelverk til praktisk risikostyring og oppfølging
  • Erfaring med oppfølging av IKT-leverandørar og tredjepartsrisiko
  • Erfaring med å drive tverrfaglege prosessar og forbetringsarbeid
  • God teknologiforståing og evne til å stille relevante spørsmål til leverandørar, utviklarar og driftsmiljø
  • Relevant høgare utdanning og god framstillingsevne på norsk og engelsk

Som person tek du eigarskap, jobbar strukturert og får ting gjort. Samtidig klarer du å kombinere grundigheit med pragmatiske løysingar når situasjonen krev det.

Difor skal du søke hos oss

Vi trur mykje av styrken vår ligg i kombinasjonen av sterke fagmiljø, korte avstandar og moglegheita til å jobbe tett på både avgjerdene og menneska som blir påverka av dei.

Som fast tilsett blir du medeigar i banken gjennom tildeling av eigenkapitalbevis. Du får også tilgang til banken sitt spareprogram for EK-bevis, gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærlån med gunstige vilkår og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.

Arbeidsstad: Førde

Søknadsfrist: 02.12.2026

Leiar for IT og forretningsutvikling, Andrea Kristin Kvamsdal, svarar gjerne på spørsmål om stillinga.

Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkjarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til dette.

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 2 dec.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.