Hoppa till huvudinnehållet
  • OrtSunnfjord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad9 nov.

Om tjänsten

Vi søkjer sjukepleiarar til ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus:

  • 100 % fast stilling, oppstart etter avtale
  • 70 % fast stilling, oppstart etter avtale
  • 100 % årsvikariat,oppstart etter avtale

Oppgje gjerne i søknaden kva for stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for, og om fleire av dei utlyste stillingane kan vere aktuelle.

Vi tek gjerne imot søknad frå deg som blir ferdig utdanna sjukepleiar til jul 2026.

Arbeidstid

  • Stillinga inngår i tredelt turnus.
  • Arbeid kvar tredje helg.

Om avdelinga

Ortopedisk sengepost har over tid jobba målretta med opplærings- og mentorprogram for å gi nytilsette ein trygg og god start. Vi set stor pris på å få nye kollegaer! Avdelinga har ei god blanding av erfarne og nyare pleiarar, noko som bidreg til at det er eit sterkt læringsmiljø og alltid ein kollega som kan hjelpe deg når du treng det.

Ortopedisk sengepost ved Førde sentralsjukehus er ein spennande arbeidsplass med stor pasientvariasjon. Vi held til i moderne og funksjonelle lokale i Livabygget og har om lag 43 årsverk fordelt på sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar og assistentar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der samarbeid, fagutvikling og pasienttryggleik står sentralt. Vi legg vekt på god opplæring, kunnskapsdeling og støtte i kvardagen, slik at både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar skal kjenne seg trygge og utvikle seg fagleg.

Som sjukepleiar ved ortopedisk sengepost får du ein variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og eit breitt spekter av ortopediske problemstillingar. Du får arbeide tett saman med ulike faggrupper og vere ein viktig del av pasientforløpet frå innlegging til utskriving.

Ved sengeposten behandlar vi pasientar innan:

  • traumatologi
  • handkirurgi
  • skulderkirurgi
  • protesekirurgi – hofte, kne, skulder
  • fotkirurgi
  • ryggkirurgi

Dette gir deg moglegheit til å byggje brei kompetanse innan ortopedisk sjukepleie i eit aktivt og lærerikt miljø.

Førde - Sunnfjord kommune

Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her finn du flyplass, godt kollektivtilbod og kort veg til både Bergen og Ålesund. Byen har eit breitt tilbod innan handel, kaféar og kultur, med konsertar, arrangement og kunst.

Førde ligg midt i vakker vestlandsnatur, med kort veg til både fjord, fjell og kyst. Her ligg det godt til rette for friluftsliv som fjellturar, ski, sykling og aktivitetar på sjøen.

Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Du tek imot pasientar, gjer risikovurderingar og kartlegg hjelpebehov
  • Du gir informasjon og opplæring til pasientar og pårørande
  • Du gir pre- og postoperativ pleie tilpassa ulike behandlingar
  • Du observerer pasientar, gjer triagering og måler vitale parameter
  • Du har gruppeleiarfunksjon ved behov
  • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Relevant sjukehuserfaring

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel, strukturert og tek ansvar i arbeidet ditt
  • Du er oppteken av god pasientbehandling og ser den enkelte pasienten
  • Du trivst med å samarbeide med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er nysgjerrig og trivst i ein variert og til tider travel arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom ulike faggrupper
  • Eit fagleg sterkt miljø med moglegheiter for utvikling og læring

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Håvard Nesse Røneid, Seksjonsleiar, (+47) 996 02 854

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5207868613

Stillingsprosent: 100, 70%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 24.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 24 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Ortopedi sengepost Førde, Helse Førde

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Sunnfjord och dölj konkurrerande annonser på sidan.