Er du interessert i eigedom og kart, og likar varierte oppgåver?
Møre og Romsdal jordskifterettOm tjänsten
Noregs domstolar er den tredje statsmakt og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunnet.
Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som overingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vere interessant for deg.
Møre og Romsdal jordskifterett er ein av landets største jordskifterettar og har i dag 19 tilsette fordelt på tre rettsstadar (Ørsta, Molde og Surnadal). Vi har ledig ei fast 100% stilling som overingeniør/teknisk utgreiar for ein dyktig og engasjert kandidat. Nyutdanna kandidatar er særleg velkomne til å søkje.
Jordskiftesoknet omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Rindal kommune i Trøndelag. Arbeidsplassen for denne stillinga er Surnadal.
På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre kollegaer i jordskiftedomstolane presenterer stillingane sine.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene i stillinga er teknisk saksførebuing og teknisk gjennomføring av saker domstolen har til behandling. Oppgåvene omfattar mellom anna:
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast noko etter dine kvalifikasjonar. Ved særskilt kompetanse kan det også vere aktuelt å gjennomføre rettsmekling.
Stillinga medfører noko reiseaktivitet og du må rekne med å delta i saksarbeid ved alle rettsstadane i domstolen. Domstolen har eigen tenestebil som ein disponerer ved feltarbeid. Det er eit krav at du har førarkort for bil. Skyss- og kostgodtgjersle vert gitt etter Staten sitt regulativ.
Faglege kvalifikasjonar
Vi krev i utgangspunktet at du har 3-årig høgskuleutdanning innan landmåling og eigedomsdesign. Anna relevant utdanning kan også vere aktuell, særleg utdanning innan fagfelta GIS, landmåling, kartfag, eigedomsfag tingsrett eller skogfag.
Du må dessuten ha
Vi arbeider kontinuerleg med forbetring av domstolen sine digitale løysingar og rutinar. Du vil få moglegheit til å vere bidragsytar i dette arbeidet.
Vi føreset at du kan kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk, og at du kan delta i dialog med partar, private og offentlege instansar på ein god og forståeleg måte.
Det er ein fordel med
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Inngåande menneskekunnskap og ein god dose nysgjerrigheit blir viktige ingrediensar i arbeidskvardagen din. Mange av partane du vil jobbe med er sjølvprosederande, noko som krev ekstra rettleiing og folkeleg språk.
Stillinga medfører feltarbeid, som også betyr at det kan bli nokre lange dagar til dels i krevjande terreng. Dette føreset at du har normalt god fysisk helse.
Vi tilbyr
I tillegg til samfunnsoppdraget vil du få ein jobb som er variert nok til at du kan bruke innesko, støvlar, ein pen genser/skjorte og allværsjakka på éin og same dag.
Stillinga inneber:
Deler av arbeidet føregår på kontoret og andre delar i storslått naturomgjevnader. Her er det svært gode moglegheiter til utøving av friluftsliv, jakt og fiske på fritida.
KontaktinformasjonAsbjørn Rogne, Jordskifterettsleder, +(47) 97694840, asbjorn.rogne@domstol.no
ArbeidsstedBårdshaugvegen 1
6650 Surnadal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Møre og Romsdal jordskifterett
Referansenr.: 5197475596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026