Hoppa till huvudinnehållet
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim logo
Ledigt jobb

Sjukepleiar Surnadal sjukeheim, faste stillingar og vikariat

Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
  • OrtSurnadal
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad7 okt.

Om tjänsten

SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG FASTE STILLINGAR OG VIKARIAT FOR SJUKEPLEIARAR.

Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg eller langvakter på helg med arbeid 4.kvar helg.

Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.

Eksterne søkjarar ( ikkje tilsett i Surnadal kommune tidlegare) som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10- års ansiennitet. For eksterne søkjarar som har meir enn 10- års ansiennitet frå tidlegare blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.

Om oss:

Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsett til ØHD ( Øyeblikkelig-Hjelp-Døgnopphold).

Hos oss har vi stort fokus på:

fagutvikling
rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
kvalitet i tenestene
velferdsteknologi
aktivitetar
matglede
refleksjon

Arbeidsoppgåver:

sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
teamleiarfunksjon og samhandling
koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelsetenesta
veiledning og opplæring
dokumentasjon
bruk av fagsystem, velferdteknologi og digitale verktøy
tverrfagleg samarbeid
legemiddelhandtering

Personlege eigenskapar vi ser etter:

fagleg dyktig og engasjert
ansvarsfull og handlekraftig
endringsvillig og løysingsorientert
gode samarbeidsevner
fleksibel
kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon

Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest før oppstart. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi kan tilby:

fagleg utvikling
godt arbeidsmiljø
lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
gode pensjons- og forsikringsordningar
turnus med mogleg individuell tilpassing
flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim

Link til søknadsskjema: Søk her