Hoppa till huvudinnehållet
Sveio kommune logo
Ledigt jobb

Støttekontakt

Sveio kommune
  • OrtSveio
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan18 juni
  • Publicerad18 juni

Om tjänsten

Om stillinga

Sveio kommune har behov for støttekontakt til personar med psykisk utviklingshemming i ulik aldersgruppe. Me søkjer nå særskilt etter deg som har lyst å være støttekontakt for barn, ungdom og vaksne. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje på stillinga som støttekontakt. Søknad kan leggjast inn kontinuerleg.

Støttekontaktar hjelper personer som har behov for  sosial støtte i og utanfor heimen. Normalt er eit oppdrag på 12-16 timar pr. månad, fortrinnsvis utført på ettermiddag. Oppdragsavtalen vert fornya årleg.

Arbeidsoppgåver

Å vere støttekontakt innebærer at du besøker brukar heime, eller drar ut på aktivitater som er tilpasse brukars funksjonsnivå. Dette kan vere kino, kafébesøk, bading i symjehall, gå ein tur, handarbeid, samtalar eller andre aktivitetar.

Støttekontaktar hjelper personer som treng å bli tryggare på seg sjølv og som treng hjelp til å takle ulike livssituasjonar. Ein støttekontakt kan også bidra til at ein person kan klare å omgås andre mennesker i større grad.

Du bør ha fylt 18 år. Det vil være ein fordel om du kan disponere bil for å kunne dra ut på aktivitetar.

Brukar dekker eventuelle kostnadar til aktivitetar.

Kvalifikasjonar

Du treng ingen særskilte formelle kvaifikasjonar for å vera støttekontakt.

Personlege eigenskapar​

  • du må vere ein trygg og god omsorgsperson
du må vere glad i å vere saman med andre mennesker
du må kunne setje grenser
du må tilpasse deg ulike situasjoner og personer
du må  ha god norsk munnleg framstillingsevne

Det er krav om politiattest i henhald til lovverk

Vi tilbyr​

  • kjøregodtgjerelse etter statlege sats
godgjering og utgiftsdekning etter kommunal sats