Hoppa till huvudinnehållet
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune logo
Ledigt jobb

Sjukepleiar - Vil du vere med og forme framtidas sjukepleietenester ved BUAS?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
  • OrtSykkylven
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad16 okt.

Om tjänsten

Hos oss får du kombinere det beste frå to verdenar: nær kontakt med pasientane og moglegheita til å påverke kvalitet og fagutvikling i heile organisasjonen.

Vi har ledig 100 % stilling og søker engasjert sjukepleiar eller spesialsjukepleiar som ønskjer ei spanande rolle i skjeringspunktet mellom klinisk arbeid, fagutvikling og kvalitetsforbetring.

Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) får du ei unik moglegheit til å arbeide på tvers av våre fem avdelingar og bidra til å vidareutvikle tenestane for våre 83 pasientar. Dette er ikkje berre ei sjukepleiarstilling, men ei sentral fagrolle der du får bruke kompetansen din til å styrke kvalitet, pasienttryggleik og kompetanseutvikling i heile organisasjonen.

Er dette deg?​

Du er ein sjukepleiar som brenn for faget og ønskjer å gjere meir enn å dekke vakter. Du trivst med ansvar, ser verdien av gode system og ønskjer å bidra til utvikling av både tenester og medarbeidarar.

Du er fagleg trygg, samarbeidar godt med andre og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.

Vil du vere med på å utvikle framtidas omsorgstenester i Sykkylven? Då ønskjer vi å høyre frå deg.

Om stillinga​

  • Stillinga er fordelt med:

60 % i stabsfunksjon, der du bidreg med sjukepleiefagleg støtte på tvers av avdelingane

40 % klinisk arbeid i avdeling, med direkte pasientoppfølging - denne delen er per tida på Sone 2

I stab funksjonen vil du vere ein viktig ressurs innan:

  • kvalitetssikring og forbetringsarbeid
  • undervisning og kompetanseheving
  • fagleg støtte og rettleiing av sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar
  • palliasjon og avansert sjukepleie
  • pasientforløp og dokumentasjon

Du får ei sentral rolle i å sikre at alle pasientar ved BUAS får tilgang til sjukepleiefagleg kompetanse.

Kvalifikasjonar​

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar.
Beherske dei vanlegaste IT-verktya
Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Evne til å halde seg fagleg oppdatert
Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar​

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vere strukturert og løysingsorientert
Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
Vise fagleg engasjement
Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Kvifor velge denne stillinga?​

  • ✅ Kombinasjon av fagutvikling og pasientnært arbeid

✅ Stor fagleg påverknad på tvers av avdelingar

✅ Variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende

✅ Moglegheit til å undervise, rettleie og utvikle kollegaer

✅ Tett samarbeid med sjukeheimslege og erfarne fagmiljø

✅ Rekrutteringstillegg og hjelp til enkel bustad ved behov

Offentlegheit​

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar​

Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

KontaktinformasjonWenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

ArbeidsstadHaugneset 16

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5195974182

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.11.2026