Hoppa till huvudinnehållet
Stord kommune logo
Ledigt jobb

ID 2490 Sjukepleiarar - Tenester til heimebuande

Stord kommune
  • OrtStord
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad16 okt.

Om tjänsten

Vil du vere med og forme framtida for heimebaserte tenester?

Er du sjukepleiar og klar for nye utfordringar i eit fagleg sterkt og framtidsretta miljø? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!

Hos oss får du ein meiningsfull jobb i eit fagleg sterkt og støttande miljø, der du får brukt kompetansen din til det fulle og vere med på å utvikle framtidas tenester til heimebuande.

Me er ei eining i utvikling og jobbar aktivt for å møte framtida med ny organisering, ansvar- og oppgåvedeling. For å styrkje fagmiljøet har me samla alle sjukepleiarane våre i eit eige Sjukepleiar- og meistringsteam, der samarbeid, fagleg refleksjon og kollegastøtte står i sentrum.

Me har ledig 5 x 100 % stillingar for autoriserte sjukepleiarar i vårt Sjukepleiar- og meistringsteam

Arbeidstidsordningar

Me tilbyr arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:

Alternativ 1

Langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg i årsturnus

Alternativ 2

Turnus dag og kveld med arbeid kvar 3. helg i årsturnus

Kvifor velge oss?

Hos oss får du:

Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
Tett samarbeid med dyktige kollegaer
Moglegheit til å påverke eigen turnus
God opplæring og eigen fadder som følgjer deg opp
Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du gjer ein forskjell

Målet vårt er at innbyggjarane skal kunne bu trygt og godt heime, og vere mest mogleg sjølvstendige i eige liv.

Me er også i gang med å etablere vår eiga sjukepleieklinikk, der brukarar kan få tenester som sårstell, injeksjonar, oppfølging av ernæring og andre planlagde sjukepleiefaglege tenester.

Arbeidsoppgåver

Yte pleie og omsorg etter vedtak
Ivareta sjukepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar
Kartlegging, observasjon, vurdering og oppfølging av pasientar
Samhandle med pårørande, fastlegar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
Bidra i utvikling av tenesta og fagleg kvalitetsarbeid
Rettleie tilsette, studentar, elevar og lærlingar

Me ser etter deg som:

Har høg arbeidskapasitet og arbeider strukturert og sjølvstendig
Er påliteleg og tek ansvar
Brenn for kunnskapsbasert praksis og fagleg utvikling
Kommuniserer godt med kollegaer, brukarar og pårørande
Har eit ekte engasjement for å arbeide med menneske
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper

Kvalifikasjonskrav

Norsk autorisasjon som sjukepleiar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere språkkompetanse på nivå B2
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt

Politiattest:

Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4

Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.

Me tilbyr:

Løn kr 25.000 over garantiløn i hovudtariffavtalen
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og utviklingsorientert fagmiljø
Fagleg utvikling og kompetanseheving
IA-bedrift og tilgang til bedriftshelseteneste
Medlemskap i Ve og Vel med mellom anna tilgang til leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og tilhengar
Offentleg tenestepensjon
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk

Me gler oss til å høyre frå deg!

Offentleg søkjarliste

Dersom søkjar ønskjer å verte unnateken frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast i søknaden. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verte oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til følgje.