ID 2486 Sjukepleiarar helgestilling - Sunnhordland interkommunale legevakt
Sunnhordland interkommunale legevakt SIL og døgnavdeling IDAOm tjänsten
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune.
Det er ledig to faste helgestillingar på inntil 15--20 % ved Sunnhordland interkommunale legevakt for autoriserte sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar eller paramedisinarar.
Stillingane inngår for tida i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Det er mogleg å tilpasse helgearbeidet ved bruk av langvakter kvar fjerde helg.
Søkjer du ein interessant jobb med spennande utfordringar der du får nytta erfaringa og kompetansen din? Då kan du vere rett person for oss.
Du får grundig opplæring og oppfølging som ny hos oss.
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er den viktigaste ressursen for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremje personleg utvikling, ansvarskjensle og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidaren.
SIL dekkjer eit legevaktområde for om lag 35 000 innbyggjarar, og er i tillegg legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad, og i avdelinga har ein både laboratorieverksemd og utfører medisinske og kirurgiske prosedyrar.
Stillingens innhold, ansvar og oppgaver:
Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Me tilbyr:
Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med
Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.