Hoppa till huvudinnehållet
Helse og omsorg, Tokke kommune logo

Vernepleiar/sjukepleiar

Helse og omsorg, Tokke kommune
  • OrtTokke
  • Omfattning–
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad21 okt.

Om tjänsten

Me søkjer vernepleiar og/eller sjukepleiar til fast stilling og vikariat. Oppstart etter avtale.

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre.

Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak
  • Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar
  • Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler
  • Ta ansvar for planer, tiltak og IP
  • Dokumentere i journalsystem
  • Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre instansar
Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent vernepleiar/sjukepleiar
  • Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk
  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar
  • Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg
  • Bidra til at eininga når sine målsettingar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
  • Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
  • Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer
  • Spanande og variert arbeidskvardag, med interessante arbeidsoppgåver
  • God opplæring
  • Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
  • Gode kommunale arbeidsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar i KLP
  • Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad!

Andre opplysningar.

Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr. vakt.

Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.

Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Kontaktinformasjon

May Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 48297251

Arbeidsstad

Ivirovegen

3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5198581570

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.12.2026

Søknadsfrist: 05.11.2026