Hoppa till huvudinnehållet
Ullensvang kommune Kulturskulen logo

70% vikariat som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskole, Jondal

Ullensvang kommune Kulturskulen
  • OrtUllensvang
  • Omfattning–
  • Sista ansökan17 dagar kvar
  • Publicerad4 nov.

Om tjänsten

Ledig vikariat 70% som musikklærar ved Jondal skule og Ullensvang kulturskule avd. Jondal, 01.01.26 - 28.05.27

Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 127 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg, ml.a. ny musikk- og kulturskuleavdeling.

Ullensvang kulturskule, avd. Jondal, er samlokalisert med Jondal skule. Avdelinga i Jondal har ca. 75 elevar der fleire av elevane deltek på fleire aktivitetar i kulturskulen. Kulturskulen har gode undervisningslokale i sambruk med musikkavdelinga i grunnskulen.

Dette er ein kombinert stilling mellom skule og kulturskule. Me søkjer etter musikklærar som kan jobba både på skule (30%) og kulturskule (40%). I grunnskulen har lærar ansvar for musikkundervisninga i 5.-9. klasse. I kulturskulen har lærar ansvar for instruksjon i hovudsakleg bandinstrument (gitar, bass og slagverk). Det blir gitt undervisning individuelt og i grupper.

Stillinga kan søkjast på samla, eller ein kan søkje på stillingsdelane knytt til den eine verksemda.

Kvalifikasjonar:

  • godkjent undervisningskompetanse i musikk
  • erfaring som lærar
  • gode digitale ferdigheiter
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • er ein god klasseleiar
  • har god relasjonskompetanse
  • har god formidlingsevne
  • samarbeidar godt i lærande fellesskap
  • er lojal og ansvarsfull mot skulen og kulturskulen sitt formål
  • er løysingsorientert og fleksibel

Me tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø
  • eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
  • lønn etter avtaleverk
  • hjelp til å finna bustad
  • varierte arbeidsoppgåver
  • spennande arbeid
  • lønn etter hovudtariffavtalen
  • gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • politiattest

Kontaktinformasjon: Rektor Eldbjørg Furholt, e-post: eldbjorg.furholt@ullensvang.kommune.no og rektor Jondal skule, Sarah Marie Røstbø, e-post; sarah.marie.rostbo@ullensvang.kommune.no

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:

"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

Link til søknadsskjema: Søk her

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 22 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Ullensvang kommune Kulturskulen

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Ullensvang och dölj konkurrerande annonser på sidan.