Hoppa till huvudinnehållet
Vaksdal kommune logo
Ledigt jobb

Assistent kjøkken

Vaksdal kommune
  • OrtVaksdal
  • Omfattning–
  • Sista ansökan13 dagar kvar
  • Publicerad19 okt.

Om tjänsten

Om stillinga

Vaksdal Kommune søker no ein assistent som kan hjelpe til på kjøkkenet på Ressurssenteret kvar 3. helg - dagtid.

Ressurssenteret heldt til i to av etasjane på Vaksdal sjukeheim.

2. etasje har 15 langtidsplassar for personar med demens fordelt på 2 avdelingar.

3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 15 pasientar fordelt på to avdelingar

Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Vi har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Arbeidsoppgaver​

  • Lage og klargjere måltid
Handtere allergen og spesialkost
Oppvask (maskin og manuelt)
Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater
Kontrollere temperatur, datomerking og lagring
Handtere avfall og kjeldesortere

Kvalifikasjonskrav​

  • Norskferdigheiter– du må kunne forstå og følge rutiner, og ofte kommunisere med pleiepersonell.
Fysisk kapasitet – noko løft, ståing og tempo kan førekomme.

Ønskeleg kompetanse

Kurs i hygiene og mattryggleik.
Kjennskap til arbeid i helse- og omsorgssektoren.
Erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken.
Kunnskap om ernæring.

Personlege egenskapar​

  • Samarbeidsevne og serviceinnstilling – tett samarbeid med helsepersonell.
God personleg hygiene og rutiner for smittevern.
Du er fagleg trygg, modig og raus - og evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode.
Du må like å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter.
Du kommuniserer godt og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv.
Er påliteleg og stabil.

Personlege eigenskaper vil bli vektlagte.

Vaksdal kommune tilbyr​

  • Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning.
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Individuell oppfølging