HR-konsulent
Vaksdal kommuneOm tjänsten
Om stillinga
Ein av kollegaene våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker derfor ein HR-konsulent til eit 100% vikariat med oppstart snarast og varigheit ut 2027. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og støtte leiarar og tilsette, og som ønsker å utvikle deg innan HR.
Som HR-konsulent vil du samarbeide med ulike delar av organisasjonen. Rettleiing og service til leiarar og tilsette er ein sentral del av stillinga. Du vil bidra til at dei får god støtte i HR-relaterte spørsmål, og til eit godt samarbeid på tvers av fagområde.
Stillinga passar for deg som liker å jobbe med menneske, kommuniserer tydeleg og er oppteken av å finne gode løysingar. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din og utvikle deg vidare gjennom varierte oppgåver og samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver
- Rådgjeving og rettleiing til leiar og tilsett i personal/HR og lønsspørsmål
Kvalifikasjonskrav
- Det er ønskeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning
Personlege eigenskapar
- Du ønsker ei stilling der du kan utvikle deg og lære noko nytt.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar