Hoppa till huvudinnehållet
Vang Kommune, Utdanning og kultur logo

Tilkallingsvikarar i barnehage 

Vang Kommune, Utdanning og kultur
  • OrtVang
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan31 dec.
  • Publicerad14 mars

Om tjänsten

Er du flink med barn og ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar? Me søkjer etter tillkallingsvikarar i barnehagane Fredheim og Høre. Det er behov for barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar.

Barna våre i Vang fortener kun det beste! Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Søknadar vert behandla fortløpande og aktuelle søkjarar vert kontakta.

Arbeidsoppgåver​Arbeidsoppgåver​

  • Delta aktivt i leik og aktivitetar
Som vikar har du medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik.
Du har ansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale.

Kvalifikasjonar​

  • Over 18 år
Erfaring frå barnehage eller skule er ein fordel. Men me ynskjer også deg som har erfaring frå å jobbe med barn og unge i ei anna setting, som til dømes musikk, sport, fritidsaktivitetar eller barnepass
Du må ha gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg

Gyldig politiattest må leverast før oppstart

Personlege eigenskapar - Me søkjer deg som:

har eit engasjement for barn og unge
er inkluderande, positiv og omsorgsfull
er kreativ og løysingsorientert
har gode kommunikasjonsevner
er komfortabel med å tilpasse deg forskjellige type menneske i ulike situasjonar
er god på samarbeid

Vi tilbyr​

  • Ein gjevande og meningsfull jobb, kor du gjer en forskjell i barna sin kvardag.
Ein variert og fleksibel arbeidsdag
Løn etter tariff

Den enkelte tilkalling du som ekstravakt tek på deg, medfører eit enkeltståande mellombels arbeidsforhold, jf. arbeidsmiljølova § 14-9 (2). Tilkalling skjer etter behov ved fråvær pga. sjukdom, ferie eller andre mellombelse forhold som medfører behov for mellombels arbeidskraft.

KontaktinformasjonKarin Trøen, Styrar Fredheim barnehage, 92891231, karin.troen@vang.kommune.no

Heidi Lynge Kvale, Syrar Høre barnehage, 90580529, heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no

ArbeidsstedTyinvegen 5161

2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 4938368100

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 31.12.2026