Hoppa till huvudinnehållet
Kultur, Vinje kommune logo

Lærar for gitar, trommer og band i Vinje kulturskule – Vikariat – 30%

Kultur, Vinje kommune
  • OrtVinje
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad5 nov.

Om tjänsten

Har du lyst til å skape musikkglede saman med barn og unge?

Vinje kulturskule søkjer ein engasjert og allsidig vikarlærar i gitar, trommer og band, med undervisning hovudsakleg på Edland og Rauland.

Me ser etter deg som trivst med å undervise barn og unge, som kan møte elevar på ulike nivå, og som likar å skape gode musikalske opplevingar både gjennom individuell undervisning og samspel.

Som lærar i Vinje kulturskule blir du ein del av eit tverrfagleg miljø med lærarar innan ei rekkje kunst- og kulturfag. Kulturskulen har tilbod innan mellom anna gitar, band, trommer, song, dans, hardingfele, kveding, blås, teater, visuell kunst, dataspel og friluftsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i nybyrjar gitar
  • Undervisning i nybyrjar trommer
  • Leiing og undervisning av band og samspel
  • Tilpasse undervisninga til elevar med ulike føresetnader, nivå og ambisjonar
  • Planleggje og gjennomføre undervisning på ein sjølvstendig måte
  • Delta i konsertar, framsyningar og andre aktivitetar i regi av kulturskulen
  • Samarbeide med kollegaer og bidra positivt inn i fagmiljøet ved kulturskulen

Undervisning skjer i hovudsak etter skuletid.

Kvalifikasjonar

  • relevant musikkfagleg og/eller pedagogisk utdanning
  • gode ferdigheiter på gitar og/eller trommer
  • kompetanse og erfaring med rytmisk musikk og band
  • erfaring med undervisning av barn og unge er ynskjeleg
  • Du må kunne skrive og snakke norsk godt

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • er trygg, positiv og god i møte med barn og unge
  • skaper meistring, motivasjon og speleglede
  • er fleksibel og løysingsorientert: dersom det er behov for undervisning ein anna stad eller på ein annan måte så hendterer du det godt.
  • arbeider sjølvstendig og strukturert: du møter opp til undervisning i tide og du er godt førebudd.
  • er ein lagspelar som byggjer gode relasjonar og samarbeider godt med kollegaer, elevar og føresette
  • tek initiativ og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • ein variert og kreativ arbeidskvardag
  • høve til å arbeide med motiverte barn og unge
  • eit breitt og tverrfagleg kulturskulemiljø
  • gode kollegaer og høve til fagleg samarbeid
  • moglegheit til å påverke innhaldet i undervisninga og utvikle gode samspeltilbod
  • løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.

I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192

3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5204258382

Stillingsprosent: 30%

Vikar

Startdato: 15.11.2026

Sluttdato: 30.04.2027

Søknadsfrist: 15.11.2026

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 15 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Kultur, Vinje kommune

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Vinje och dölj konkurrerande annonser på sidan.