Om tjänsten
Vil du ha ein helgejobb som betyr noko, og der du kan gjera ein forskjell?
Svingen og Reine bufellesskap er moderne bufellesskap, med til saman 15 leiligheiter. Her møter du bebuarar i ulike aldrar med ulike funksjonsnedsetjingar. Felles for dei alle er at dei treng trygge, engasjerte og gode folk rundt seg.
Som helgearbeidar bidreg du til gode og meiningsfulle dagar – gjennom praktisk hjelp, miljøarbeid, omsorg og aktivitetar som skapar trivsel og meistring. Du jobbar aldri åleine, men er del av eit fagleg og inkluderande team som samarbeider tett både internt og med fagmiljø i kommunen og spesialisthelsetenesta.
No søkjer me deg som vil jobbe annan kvar eller kvar tredje helg. Me søkjer òg deg som ynskjer å vere tilkallingsvikar hos oss. Søknader blir vurderte fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand i daglege gjeremål: personleg hygiene, påkledning, måltid, aktivitetar og enkle praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant bachelorutdanning
Personlege eigenskapar
- God relasjonsbyggar – du møter bebuarar og pårørande med respekt, tryggleik og god kommunikasjon
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer som støttar, lærer av kvarandre og har det kjekt på jobb
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
KontaktinformasjonHjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, hjordis.ringhus.saupstad@vinje.kommune.no
ArbeidsstadÅmotvegen 2
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5189149623
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2026