Hoppa till huvudinnehållet
Ridesenteret i Rauland AS logo
Ledigt jobb

Vil du lede eit moderne ridesenter på vakre Rauland, i Vinje. - DELTID

Ridesenteret i Rauland AS
  • OrtVinje
  • OmfattningDeltid
  • Sista ansökan14 dagar kvar
  • Publicerad29 sep.

Om tjänsten

Ridesenteret i Rauland går inn i ei ny epoke med Vinje Kommune som eigar. I planen heiter det; -Ridesenteret skal utviklast som ein varig og profesjonell institusjon med eit breitt samfunnsoppdrag. Dette gjev spennande utfordringar for aktive og teamorientere medarbeiderar

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar:

Erfaring med hestehald, ridning og/eller stalldrift vil vere ein fordel, men

ikkje eit krav.

Erfaring frå administrasjon, økonomi og marknadsføring
Ledererfaring - ein teambyggjar
Ansvarsbevisst, strukturert, positiv og sjølvstendig

Arbeidsoppgaver

Ridesenteret skal gjennom bruk av hest og rideaktivitetar vere ein aktiv medspelar i arbeidet med livskvalitet, helse, kulturformidling og berekraftig lokalsamfunnsutvikling.-

Til å delta i denne spennande utviklinga søkjer vi ein administrasjonsleiar som ønskjer å vere ansvarleg for å utvikle og bygge opp eit framtidsretta tilbod i tråd med Vinje kommune sine planar for ridesenteret.

Den rette kandidaten vil få moglegheit til å bidra aktivt i utviklinga innan hesteassisterte helsetjenester og tradisjonell ridesenteraktivitet.

Viktige oppgåver vil bli å motivere og utvikle ansatte, og å vere kontaktledd mot innleigde tjenester innan reknskap og marknadsføring, presentere drifta for styret og vera kontaktperson for Ridesenteret utad.

Stillinga vil passe godt for ein person som allereie har ein deltidsposisjon som ynskjer å fylle på med eit nytt, interessant oppdrag.

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

Variert og aktiv arbeidsdag, ca. 8 timar pr. veke.
Sosialt og inkluderande miljø
Mogelegheit for å påvirke utvikling og drift av senteret
Mogelegheit for personleg utvikling innan fagområda ridesenteret er

tilknytt

20% stilling
Konkurransedyktige betingelsar