Hoppa till huvudinnehållet
Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF logo

Ferievikar 2027 - Medisinstudent med lisens

Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF
  • OrtVolda
  • Omfattning–
  • Sista ansökan31 jan.
  • Publicerad17 nov.

Om tjänsten

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda har behov for medisinstudent med lisens i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 33.

Informasjon til søkjaren

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kvalifikasjonar

  • Medisinstudent med lisens
  • Må ha førarkort klasse B (personbil)
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Trivleg arbiedsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar

For meir informasjon om vår region, sjå her.

Kontaktinformasjon

Janita Ulvestad Håhjem, Seksjonsleiar, janita.ulvestad.hahjem@helse-mr.no

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5209992203

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2027

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen så skickar vi en påminnelse 3 dagar före sista ansökningsdag.

Synka i iPhone-appen →

Restid & pendling

Representerar du Ferievikarer Volda, Helse Møre og Romsdal HF? Lyft fram annonsen i Volda och dölj konkurrerande jobb.