Hoppa till huvudinnehållet
Volda kommune, Avdeling barnehage logo
Ledigt jobb

Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i barnehage, barnehageåret 2026/2027

Volda kommune, Avdeling barnehage
  • OrtVolda
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan30 juni
  • Publicerad30 juni

Om tjänsten

Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i dei kommunale barnehagane. Denne utlysinga gjeld for barnehageåret 2026/2027.

Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet er knytt til barn i barnehagealder, 1-5 år.

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik kan variere etter behov.

Det er styrar ved den einskilde barnehage, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.

Aktuelle barnehagar:

Austefjord barnehage: 90 47 46 12

Bratteberg barnehage: 94 00 19 77/ 48 22 96 83

Engeset barnehage: 94 79 09 65

Folkestad barnehage: 47 50 47 87

Hornindal barnehage: 97 96 24 24

Lauvstad barnehage: 47 50 34 18

Mork barnehage: 90 64 34 72 / 70 07 77 90

Oppigarden barnehage: 46 88 33 22

Kvalifikasjonar

I nokre av stillingane er det ønskeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag.

Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til vikarstilling.

Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.

Personlege eigenskapar

Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyr

Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Bodil Brautaset, +47 91194598

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5151964742

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 03.08.2026

Sluttdato: 30.06.2027

Søknadsfrist: 30.06.2027