Hoppa till huvudinnehållet
Volda kommune, Avdeling skule logo

Tilkallingsvikar lærar skuleåret 2026-2027

Volda kommune, Avdeling skule
  • OrtVolda
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan30 juni
  • Publicerad30 juni

Om tjänsten

Volda kommune treng til ei kvar tid lærarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.

Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2026/2027. Utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men til ei liste over søkarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.

Arbeidsoppgåver

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen.

Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare periodar. Stillingsstorleik vil vere etter behov, og kan variere.

Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.

Aktuelle skular:

Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060

Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749

Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232

Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366

Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393

Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623

Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 913 41 695

KvalifikasjonarVi ønsker først og fremst søkarar med relevant utdanning frå høgskule eller universitet. Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.Personlege eigenskapar

Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.

Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.

Vi tilbyrArbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.KontaktinformasjonLine Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.no

ArbeidsstadStormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5152066480

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 17.08.2026

Sluttdato: 30.06.2027

Søknadsfrist: 30.06.2027