Laboratorieassistent/stipendavtale for bioingeniørstudentar ved laboratoriet på Voss sjukehus
Laboratorieklinikken/ MBF Voss, Helse Bergen HFOm tjänsten
Vil du ha ein unik start på karrieren som bioingeniør?
Helse Bergen HF tilbyr no stipendavtale for bioingeniørstudentar med arbeidsstad ved laboratoriet på Voss sjukehus. Dette er ein unik moglegheit for fagleg utvikling, verdifull erfaring og ein jobb i vakre omgjevnader!
Om stipendavtalen
Gjennom stipendordninga forpliktar du deg til 100% fast stilling som vaktgåande bioingeniør i tredelt turnus ved Voss sjukehus etter fullført bachelorgrad og oppnådd autorisasjon. Bindingstida tilsvarar talet på månader du har motteke stipend.
Kva kan vi tilby deg?
Faglig mangfald:
Brei erfaring gjennom arbeid på tvers av fleire fagfelt – mellom anna hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse, blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologiske hurtigtestar.
Inkluderande arbeidsmiljø:
Eit støttande og lærevillig kollegium med god opplæring og fagleg oppfølging.
Balanse mellom jobb og fritid:
Om du likar ein aktiv livsstil eller helst trivst i rolegare omgivnader, kan Voss tilby både unike naturopplevingar og eit rikt kulturliv.
Kultur og fellesskap:
Festivalar som Vossajazz, Ekstremsportveko og Voss Cup gir eit levande og inkluderande nærmiljø.
Strategisk plassering:
Voss er eit vekstområde med togsamband til Bergen på berre 1 time og 15 minutt. Eit ideelt utgangspunkt for eit godt liv – både fagleg og privat.
Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus. For meir informasjon om sjukehuset, les her
Arbeidsoppgåver
Som bioingeniørstudent
Som autorisert bioingeniør
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer fortrinnsvis bioingeniørstudentar på andre og tredje studieår
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har eit godt lag med folk.
Vi tilbyr
- Eit godt opplæringsprogram for nytilsette
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonJulie Hustveit, Konstituert seksjonsleiar, julie.hustveit@helse-bergen.no
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, ingunn.boro@helse-bergen.no
ArbeidsstadSjukehusvegen 16
5704 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5178725692
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 31.10.2026