Hoppa till huvudinnehållet
Voss sjukehus, Helse Bergen HF logo
Ledigt jobb

LIS3 Ortopedi

Voss sjukehus, Helse Bergen HF
  • OrtVoss
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan7 dagar kvar
  • Publicerad6 okt.

Om tjänsten

Om stillinga:​

V​oss Sjukehus,​ Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig vikariat for LIS3 innan ortopedisk kirurgi frå 01.01. - 31.12.27. ​Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Om avdelinga:​

Det er per i dag 8 LIS 2/3 stillingar ved kirurgisk avdeling, 3 på ortopedi og 5 på kirurgi. Det er 7 spesialistar i ortopedisk kirurgi ved sjukehuset.

Voss sjukehus behandlar både elektiv ortopedi og ortopedisk traumatologi. Elektiv kirurgi omfattar mellom anna artroskopi i skulder og kne, skulderkirurgi, handkirurgi, fot- og ankelkirurgi, og protesekirurgi i hofte og kne.

O​m Voss sjukehus:​

Me har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, medisin, føde, gynekologi og anestesi. Sjukehuset har hatt stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsetje den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggarar, fordelt på 6 kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn.

Me er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus. Sjukehuset er under stadig utvikling og har fine lokalitetar. Det er fire godt utstyrte operasjonsstover og sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv/rec., radiologi med CT- og MR lab., fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.

Om​ Voss:​

Folketalet i Voss herad aukar, og er for tida på rundt 16.000 innbyggjarar. Staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar både for vaksne og born. Det er tilbod innan heil mengd ulike idrettar, fleire skianlegg og ein flott golfbane i bygda, og me har rabattar hjå fleire av dei. Kulturlivet er rikt og variert med mellom anna Vossa Jazz, Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod her, og god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Sjå her: Å bu og jobbe på Voss

Arbeidsoppgåver​

  • Poliklinikk
Visittgang og postarbeid
Operere og assistere på operasjon
Rettleiing og undervising av LIS1
Internundervising
Forholda vil bli lagt til rette for deltaking i undervising, kurs og anna etterutdanning

Kvalifikasjonar​

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetjing i LIS3 stilling innan ortopedisk kirurgi
Det vil bli lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
Den som blir tilsett må meistre norsk språk, både skriftleg og munnleg
God skriftleg dokumentasjonsevne

Personlege eigenskapar​

  • Du er engasjert, interessert og motivert for fagfeltet
Du kommuniserer tydeleg og forståeleg med pasientar og andre samarbeidspartar
Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
Du trives i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr​

  • Den som blir tilsett som LIS3 ortopedi vil få ein personleg rettleiar og deltar i det regulære utdanningsprogrammet i avdelinga
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgt fagleg nivå
Fagleg og personleg utvikling
Triveleg arbeidsmiljø
Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonTrine Ludvigsen, Seksjonsoverlege, 97050446, trine.ludvigsen@helse-bergen.no

ArbeidsstadSjukehusvegen 16

5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5187846104

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.01.2027

Sluttdato: 31.12.2027

Søknadsfrist: 26.10.2026