Produksjonsmedarbeidar
Tunge Ting ASOm tjänsten
ME SØKJER PRODUKSJONSMEDARBEIDAR
Hjå Tunge Ting lagar me ting som stort sett ikkje finst frå før.
Spesialprodukt i betong. Kunst. Møblar. Element til bygg og uterom. Nokre prosjekt krev mykje presisjon og problemløysing. Andre krev at du står lenge med slipemaskina i handa og faktisk får jobben gjort.
Så me skal ikkje pynta på det: Dette er ein praktisk jobb. Det kan vera støv, støy, tunge tak og fysisk arbeid. Men det du er med på å laga kan enda opp på bygg, kunstprosjekt og offentlege plassar over heile landet.
Me ser etter deg som er:
- praktisk og løysingsorientert
- nøyaktig
- sjølvstendig
- van med å bruka verktøy
- ikkje redd for å ta i eit tak
Du treng ikkje vera «rett type på papiret». Det viktigaste er at du kan jobba, læra og ta ansvar.
Trur du dette kan passa deg? Ikkje bruk kvelden på eit langt søknadsbrev, men send ein mail til rune@tungeting.no via "søk på stilling" knappen på denne siden og fortel litt om deg sjølv og kvifor du trur dette kan passa deg.
Slå eventuelt på tråden til Rune – 922 41 969.
Tunge Ting ASDalsmoen 11, Voss
Restid & pendling
Spara jobb & deadline-påminnelse
Sista ansökningsdag: 3 dec.Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger
När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.
Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Voss och dölj konkurrerande annonser på sidan.