Om tjänsten
Me søkjer ein tannlegeassistent til Voss Tannhelsesenter.
Me søkjer ein positiv og blid tannlegeassistent. Autorisasjon som tannhelsesekretær er ønskjeleg, men ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt. Du må vera service-innstilt, engasjert og ha omsorg for medmenneske, og dessutan vera glad i å arbeida med både barn, ungdom og vaksne. Har du stå-på-vilje og likar å jobba når det er hektisk rundt deg, samtidig som du er nøye og effektiv, så ønskjer me å høyra frå deg.
Stillingsprosent:
Stillinga er eit 60% vikariat med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er fleksible og kan jobba ekstra vakter ved behov vil prioriterast.
Arbeidstida er tysdag, onsdag og fredag, kl. 08:00 -16:00
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Me tilbyr:
Kortfatta søknad med CV kan sendast til post@vossatann.no
Kopi av attestar, vitnemål og referansar blir tekne med i samband med intervju.
Tiltreding snarast.
Søknadar vil verta fortløpande vurdert. Berre relevante søkjarar vil bli kontakta.
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga jfr. Tannhelsetjenesteloven §3, samt Helsepersonelloven §20a.
Søknadsfrist: 22.11.26