Hoppa till huvudinnehållet
Voss herad Voss legekontor logo

Voss legekontor søkjer sjukepleiar

Voss herad Voss legekontor
  • OrtVoss
  • Omfattning–
  • Sista ansökan20 dagar kvar
  • Publicerad4 nov.

Om tjänsten

Har du lyst til å arbeide saman med oss ved Voss legekontor?

Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg. Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.

Me har ledig 60 % sjukepleiarvikariat frå 4/1-2027 til og med 10/3 2028. Ynskjer du høgare stilling får du moglegheit til å arbeide ved ein av våre flotte institusjonar.

Arbeidsoppgåver

  • kundebehandling i ekspedisjon
  • triagering av legetimar etter legevaktsindeks
  • blodprøvetaking
  • injeksjonar og infusjonar
  • sårskift
  • EKG, spiro- og audiometri
  • andre prosedyrar og arbeidsoppgåver etter behov

Kvalifikasjonar

  • du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • det er ynskjeleg med erfaring frå legekontor og erfaring med journalsystemet Webmed

Personlege eigenskapar

  • imøtekommande og serviceinnstilt
  • gode samarbeidsevner
  • ansvarsbevisst
  • like å arbeide i team
  • fagleg dyktigheit
  • evne til å koordinera og planleggja

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pernsjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Menn vert oppmoda om å søkja

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Restid & pendling

Spara jobb & deadline-påminnelse

Sista ansökningsdag: 25 nov.

Inte redo att söka direkt? Spara annonsen och få påminnelse innan den stänger

När du sparar tjänsten samlas den under Mina sidor (Ansökningskoll) och vi skickar automatiskt en påminnelse på mejlen 3 dagar innan sista ansökningsdag så att du inte missar att söka.

Arbetsgivare • Voss herad Voss legekontor

Representerar du arbetsgivaren? Få prioriterad topp-placering i Voss och dölj konkurrerande annonser på sidan.