Om tjänsten
Sotra vidaregåande skule er ein kombinert skule med ni ulike programområde innan yrkesfag og studiespesialisering. Vi har i dag to skulestadar, ein på Bildøy og ein i Skogsvåg, med 900 elevar og 150 tilsette. I tillegg er vi vaksenopplæringssenter for Askøy og Øygarden, med ca. 150 vaksne elevar på ulike program.
Skulen legg vekt på å vere nyskapande og berekraftig. Vi har som mål at alle elevane fullfører skulegangen med eit høgt læringsutbytte. Skulen er eit inkluderande fellesskap der alle opplever fagleg og sosial meistring. Vi har eit godt læringsmiljø der elevar og tilsette samarbeider om å skape ei motiverande opplæring. Elevane på Sotra vgs. skal ha medverknad og har medansvar for læringa og for fellesskapet.
Vi søkjer etter ein lærar i sal, service og reiseliv i inntil 100% vikariat, frå 25.10.26 til 31.07.27. Stillingstørrelse avtalast nærmare.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Fagbrev og arbeidserfaring i eit eller fleire av faga i programområdet.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som har eit positivt syn på elevar, som er tydeleg vaksen og som er ein god rollemodell for ungdom.
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar.
Andre opplysningar
Den som tilsetjast må legge fram politiattest.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
KontaktinformasjonLine Therese Gaska, avdelingsleiar, 91363756
Erik Henneli, assisterande rektor, 95826077
Olav Lee, rektor , 93034370
ArbeidsstadBranndalsmyra 61
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5194754727
Stillingsprosent: 99%
Vikar
Startdato: 23.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 30.10.2026