Hoppa till huvudinnehållet
Nav Øygarden logo
Ledigt jobb

Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med menneske og fag i sentrum?

Nav Øygarden
  • Ortøygarden
  • Omfattning–
  • Sista ansökan9 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.

No har vi ledig ei spennande stilling som rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring.

Dette er ei variert stilling der du får arbeide med saksbehandling, kartlegging og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du vil møte problemstillingar som krev både fagleg vurderingsevne, samarbeid og gode relasjonelle ferdigheiter. Gjennom arbeidet får du bidra til at fleire kan kome i arbeid og aktivitet, samstundes som du er med på å sikre viktige velferdsrettar.

Kva går jobben ut på?​

  • saksbehandle søknader om arbeidsavklaringspengar
klagehandsaming
vurdere vilkår for sjukepengar og andre problemstillingar knytte til sjukefråværsoppfølging
kartlegging og vurdering etter NAV-lova § 14 a
oppfølging og rettleiing av brukarar
samarbeid og kontakt med andre instansar i NAV
bidra til fagleg utvikling og kompetansedeling
delta i vaktordninga for drop-in-mottaket

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

fullført utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan jus eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller kompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
erfaring frå offentleg forvaltning
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
god digital kompetanse

Det er ein fordel om du har

erfaring med saksbehandling
erfaring med oppfølging og rettleiing av brukarar

Kven er du?​

  • du er løysingsorientert og har god evne til å gjere faglege vurderingar
du møter ulike menneske på ein trygg, respektfull og profesjonell måte, også når situasjonen er krevjande
du arbeider strukturert og held oversikt i ein travel arbeidskvardag
du klarer å omstille deg mellom ulike oppgåver, situasjonar og menneske

Kvifor velje oss?​

  • meiningsfylt oppgåver innenfor eit viktig samfunnsområde
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
stilling som rettleiar i stillingskode 1434, med lønnsspenn frå kr. 639.000 til kr. 660.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Les meir om Nav som arbeidsgivar

KontaktinformasjonNina Susanne Andersen, Nav leiar, 971 69 980, nina.andersen@nav.no

ArbeidsstedGrønamyrvegen 18

5353 Straume

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5194472860

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.10.2026