Hoppa till huvudinnehållet
Øystre Slidre kommune logo
Ledigt jobb

Fagarbeidar Lidar skule

Øystre Slidre kommune
  • Ortøystre Slidre
  • OmfattningHeltid
  • Sista ansökan6 dagar kvar
  • Publicerad5 okt.

Om tjänsten

Lidar barneskule har om lag 100 elevar frå 1.-7. trinn. Det er sju klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.

Vi organiserer oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper.

Lidar skule har ledig vikariat som fagarbeidar 50% stilling frå no og ut skuleåret. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar.

Merk i søknaden om du ynskjer vikariat eller tilkalling.

Arbeidsoppgåver​

  • Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt
Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
Arbeid på SFO er ein del av stillinga

Kvalifikasjonar​

  • Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev
Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
Du ynskjer å bidra til at barn og unge opplever ein meiningsfull kvardag ved å sjå kvart enkelt born, og du har interesse for sosialt sampel og læring
Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11

Personlege eigenskapar​

  • Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane

Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt  vektlagt

Vi tilbyr​

  • Ein spennande arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø
Løn etter tariff
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen

KontaktinformasjonSissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813

ArbeidsstadBygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5185668698

Stillingsprosent: 50%

Vikar

Søknadsfrist: 25.10.2026