Hoppa till huvudinnehållet
Øystre Slidre kommune logo
Ledigt jobb

Kokk- tilkallingsvikar på Øystre Slidre helsetun

Øystre Slidre kommune
  • Ortøystre Slidre
  • Omfattning–
  • Sista ansökan27 dagar kvar
  • Publicerad14 okt.

Om tjänsten

Øystre Slidre helsetun søkjer fleire tilkallingsvikarar som kan jobbe hjå oss på kjøkkenet i feriar og ved fråvær. Vi søkjer primært kandidatar med fagbrev, men andre med relevant erfaring kan også søkje.

Arbeidsstad er på Heggenes. Lokala på helsetunet er nye og moderne, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på helsetunet. Som kokk er du med og bidreg til at dei som treng det får eit godt tenestetilbod.

Kandidatar blir vurdert og kontakta fortløpande.

Arbeidsoppgåver​

  • Tilbereding av mat til bebuarar på helsetunet, og til heimebuande med vedtak om matombringing
Tilbereding av mat til kantine for tilsette
Andre oppgåver som høyrer til kjøkkendrifta

Kvalifikasjonar​

  • Det er ynskjeleg med fagbrev som institusjonskokk/ernæringskokk eller kokk. Personar utan fagbrev, men med relevant erfaring og interesse for faget, kan også søkje
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig på kjøkkenet, m.a. på helg

Personlege eigenskapar​

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vera løysningsorientert
Vera fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner

Vi tilbyr​

  • Nødvendig opplæring og veiledning
Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar

KontaktinformasjonAnne Bråthen, Avdelingsleiar, +47 91993201

ArbeidsstadBygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5194028420

Stillingsprosent: 0%

Vikar

Søknadsfrist: 15.11.2026