
Heimetenesta, Gloppen kommune · Gloppen
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt! Vi h...
Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein variert, meiningsfull og fagleg spennande arbeidskvardag? Då håpar vi du vil bli ein del av laget vårt!
Vi har no ledig 100 % fast stilling, tredelt turnus.
Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hos oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar.
Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hos oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling og arbeidsmiljø for å vere i stand til å gje eit best mogleg tilbod til våre tenestemottakarar. Vi gjev tenester til alle aldersgrupper.
Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.
Nyskjerrig? Ta kontakt eller søk no!
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
KontaktinformasjonCecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601
Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5152327023
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri. Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit. Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar - Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen - med åtte brukarar på kvar avdeling. Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. Vi har ledig ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar, anna stillingsprosent er og aktuelt. I tillegg har vi ledig 100 % vikariat som sjukepleiar/vernepleiar i perioden 07.09.26 til 23.08.27. Anna stillingsprosent og periode er og aktuelt. Arbeidsoppgåver Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har gjennom arbeidet med TØRN endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar/vernepleiar. • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål • legemiddelhandtering • sjukepleiar/vernepleiar faglege oppgåver • dokumentasjon • tverrfagleg samarbeid • rettleie studentar Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte Vi tilbyr • Varierte og lærerike arbeidskvardagar • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. • Stilling organisert i årsturnus For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat. KontaktinformasjonEva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818 Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 949 89 709 Arbeidsstad 6823 Sandane Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152023787 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.08.2026
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø. Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%). Arbeidsstad Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS: • Miljøavdeling for personar med demens • Buavdeling somatisk • Korttids- og rehabiliteringsavdeling Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar. Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden. Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer. Arbeidsoppgåver • Pleie og omsorgsoppgåver • Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon • Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid Kvalifikasjonar • Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet • Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne • Søkjarar over 18 år vil bli prioritert, men alle vil bli vurdert Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Personlege eigenskapar • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk • Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør • Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø • Spennande og engasjert fagmiljø • God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning • Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar, kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast. Vi ser fram mot å høyre frå deg! Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til elevane? Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande læringsmiljø – og som vil vera med på å forme framtidas skule saman med oss. Det er ledig eit 100% vikariat som lærar på Tonstad skule i perioden 01.10.26 – 31.07.27. Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Tonstad skule har om lag 190 elevar og ligg i kommunesenteret Tonstad, medan Sinnes skule har om lag 50 elevar og ligg på Sinnes i Øvre Sirdal. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1. – 10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø. Kommunen satsar på og prioriterer barn og unge, og skulane har god vaksentettleik. Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne, som du kan nytta for å gjera undervisinga di best mogleg. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar. Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen. Det er gode tilbod om barnehage og SFO i heile kommunen. Kvalifikasjonar Vi søkjer lærar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift. Fagsamansetjinga bør vera så brei som mogleg, helst med engelsk og norsk. Det er særleg behov for lærar med undervisingskompetanse på mellom- og ungdomstrinnet. Vi ser gjerne at du har erfaring som kontaktlærar, med gode evner til å skapa trygge læringsmiljø. Skulen ønskjer alle godkjente lærarar velkomne som søkjarar. Den som blir tilsett må dekka fagbehovet som skulen har. Opplæringsmålet er nynorsk og søkjarane må meistra norsk, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi søkjer deg som er engasjert, motivert og som viser evne til å tilpassa deg ulike elevar sine behov. Er du ein lærar som tek initiativ, er positiv og utviklingsorientert, er det alltid plass til deg. Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting. For stillinga gjeld: Løn og tilsetting på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Sirdal kommune har lokale tillegg på lønsstigen. Tilsetjingsforholdet er med Sirdal kommune. Vi tek atterhald om intern overføring/rokkering, omorganisering, særrett etter HTA eller ved overtal. Vi ønskjer at alle nyttar elektronisk søknadsskjema til stillingar i Sirdal kommune. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. Den som blir tilsett, må levera godkjend politiattest. Spørsmål om utlysinga kan rettast til: rektor ved Tonstad skule Petter M. Røssland, tlf. 971 62 627, Søknadsfrist: 15.august 2026 Link til søknadsskjema: Søk her