
Lærdal kommune Helsesenter · Lærdal
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre go...
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter? Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt. Arbeidstid Arbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg Om medisinsk sengepost Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp. Om medisinsk poliklinikk Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde, mellom anna hjarte- og mage-/tarmsjukdomar. Vi har også infusjonspoliklinikk med hovudvekt pkreftbehandling og behandling av mage-/tarmsjukdomar. Kvifor velje Lærdal sjukehus? Hos oss får du arbeide i eit godt fagmiljø der vi samarbeider tett på tvers av avdelingane. Vi er små nok til at folk kjenner kvarandre, men store nok til å tilby spennande faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter. Kvifor bu i Lærdal? Lærdal byr på storslåtte naturopplevingar rett utanfor døra og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Med plassering mellom Bergen og Oslo er bygda eit naturleg knutepunkt. Sjukehuset disponerer også personalhytte på Filefjell. Meir informasjon om Lærdal finn du her: Lærdal kommune. Ønskjer du meir informasjon om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med einingsleiarane. Arbeidsoppgåver • Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikk • Sjukepleie til medisinske pasientar • Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper • Delta i opplæring og rettleiing av studentar • Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg • Erfaring innen overvaking blir vektlagt • Gode IKT-kunnskapar • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskapar • Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar • Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver • Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø • Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Personalhytte på Filefjell • Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk seksjon LSH, 415 30 456, hrafnhildur.yr.elvarsdottir@helse-forde.no Anja Myklemyr, Einingsleiar medisinsk poliklinikk, 975 38 392, anja.myklemyr@helse-forde.no Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar medisinsk sengepost, 479 06 594, marit.fossheim.ottersen@helse-forde.no ArbeidsstadSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5155549603 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.07.2026
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Då kan Lærdal sjukehus vere staden for deg! Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost: • 100 % fast stilling • 100 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 • 90 % vikariat frå snarest til 01.09.2027 Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Vi har eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å få seg nye bekjente. Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Den sentrale plasseringa mellom Bergen og Oslo gjer bygda til eit naturleg knutepunkt Sjukehuset har òg personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her. Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. Arbeidsoppgåver • Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost • Sjukepleie til medisinske pasientar • Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper • Delta i opplæring og rettleiing av studentar • Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar • Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg. Kvalifikasjonar • Norsk autorisasjon som sjukepleiar • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg • Gode IKT-kunnskapar • Erfaring innen overvaking blir vektlagt • Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan kardiologi eller intensiv, men ikkje absolutt krav • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskapar • Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar • Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver • Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø • Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver • Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Personalhytte på Filefjell • Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt) Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMarit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594 ArbeidsstedSjukehusvegen 9 6887 Lærdal Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5152820820 Stillingsprosent: 100, 90% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 31.07.2026
Legetenesta i Sunnfjord kommune har 4 legekontor, Førde, Naustdal, Skei og Sande. Alle kontora har knytt til seg gruppe av hjelpepersonell som består av sjukepleiarar, helsesekretærar/helsefagarbeidarar. Ved alle legekontora er det ekspedisjon, laboratorium, behandlingsrom og akuttstover. Opningstidene er 08.00- 15.30 alle kvardagar. Under føresetnad av endeleg godkjenning av stillinga er følgjande stilling ledig. Legetenesta i Sunnfjord søker etter: • 80 % fast stilling som autorisert sjukepleiar Arbeidsoppgåver: • ekspedisjon - ta imot telefonar, meldingar og sette opp timebestilling til legane • laboratoriet - ta og handterer blodprøver og andre aktuelle testar • assistere lege ved mindre kirurgiske inngrep og utfører sårstell m.m. • bistå lege ved akutte situasjonar • andre oppgåver kan komme til Kvalifikasjonar søkar må ha: • autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær (eller anna relevant utdanning) • beherske godt norsk skriftleg og munnleg Politiattest av ny dato må leverast før start i stilling. Vi søker deg som • har gode samarbeidsevner som fremjer trivsel og arbeidsglede • er initiativrik og kan jobbe sjølvstendig • trivst med høgt arbeidstempo i tillegg til å ha stor arbeidskapasitet • er serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsbevisst • er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø • deler kunnskap og erfaring Vi tilbyr • god og trygg opplæring • varierte arbeidsoppgåver • engasjerte kollegaer og leiarar • godt arbeidsmiljø • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning Du søker elektronisk. Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!